– Konkurransen på jernbanen verkar. Togtilbodet blir betre samtidig som staten skal bruke vesentleg mindre skattepengar på å kjøpe persontogtilbod.
Publisert: 17.06.2019 

SJ skal bidra til eit betre togtilbod til passasjerane for ein langt lågare pris for staten

– Konkurransen på jernbanen verkar. Togtilbodet blir betre samtidig som staten skal bruke vesentleg mindre skattepengar på å kjøpe persontogtilbod.

Dette seier samferdselsminister Jon Georg Dale etter at Jernbanedirektoratet i dag har kunngjort at kontrakten om å drifte persontogtilbodet på Dovrebanen, Rørosbanen, Raumabanen, Nordlandsbanen, Trønderbanen og Meråkerbanen skal gå til SJ Norge.

– Konkurranseutsetting er del av ei storstilt modernisering av norsk jernbanesektor som har eitt mål for auge: Eit betre togtilbod for passasjerane. Samtidig som vi har auka løyvingane jernbanen med nær 80 prosent dei siste åra, har vi jobba systematisk med å få meir jernbane for pengane. I dag ser vi eit konkret resultat av denne jobben, seier Dale.

Rimelegare for staten – betre for passasjerane 

SJ Norge legg opp til forbetringar av tilbodet for passasjerane. Desse omfattar mellom anna fleire avgangar mellom Oslo og Trondheim, på Nordlandsbanen og på Raumabanen, betre løysingar for reisande med særskilte behov, oppgradert serveringstilbod, etablering av lågpriskalender og dynamisk prising av billettar.

I gjennomsnitt er det årlege vederlaget som SJ Norge skal ha frå staten for å drive trafikken om lag ein femtedel av det staten betalar i dag, det vil seie ein kostnadsreduksjon på nærmare 80 prosent.

– Med tildelinga til SJ får passasjerane eit betre tilbod samtidig som staten sparer pengar. Det er eg veldig nøgd med. Dette viser at det er riktig å innføre konkurranse i jernbanesektoren. No er vi sikra at staten betaler riktig pris for tenestene vi kjøper, samtidig som det legg til rette for meir kundeorientering og bruk av nye løysningar. Begge delar er til det beste for dei reisande, seier samferdselsministeren.

Jernbanedirektoratet tek sikte på å signere kontrakt med SJ Norge i slutten av juni etter at ein karensperiode på ti dagar er gått ut. Konkurransen i 2018 om persontogtrafikken på Sørlandsbanen, Jærbanen og Arendalsbanen viste òg at staten fekk eit betre togtilbod til ein lågare pris.

– Dei to konkurransane som hittil er gjennomførte viser at jernbanereforma gir gode effektar. Konkurranse verkar, seier samferdselsministeren.

SJ driv persontogverksemd i Noreg i dag

SJ Norge er eit norsk dotterselskap av Sveriges største persontrafikkoperatør SJ, som er 100 prosent eigd av den svenske staten. I Noreg driv SJ i dag dei grensekryssande persontogtilboda mellom Oslo og Stockholm og mellom Narvik og Kiruna.

SJ Norge får om lag eitt år til å førebu overtakinga av persontogtilboda. Driftsstart blir i juni 2020.

Andre konkurransar

Persontogtilboda på Dovrebanen, Rørosbanen, Raumabanen, Nordlandsbanen, Trønderbanen og Meråkerbanen utgjer Trafikkpakke 2: Nord. Pakka er den andre av tre pakker i fyrste fase i konkurranseutsetjinga av dei innanlandske persontogtilboda i Noreg. Go-Ahead Norge AS blei 17. oktober 2018 offentleggjort som vinnar av konkurransen om togtilboda på Sørlandsbanen, Arendalsbanen og Jærbanen (Trafikkpakke 1: Sør). Vinnaren av  konkurransen om drifta av persontogtilboda på Bergensbanen og Vossebana (Trafikkpakke 3: Vest) blir kunngjort i desember i år.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur