– Vi skal forsterka vegen på den 11 kilometer lange strekninga, og held på nokre månader framover. Vi startar førstkomande måndag, 28. april, og arbeidstidene vert klokka 07.00-19.00 måndag-torsdag alle veker, seier byggeleiar Einar Stange i Statens vegvesen.
Unnataka er heilagdagene 1. mai og Kristi Himmelfartsdag 29. mai (torsdagar) og 2. pinsedag som er måndag 9. juni.
– Gjer alt vi kan for å minimera ulempene
– Vi har forståing for at arbeidet kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å understreka at vi gjer det nettopp for dei. Og vi har gjort alt vi kan for å minimera ulempene for dei, legg Stange til og konkretiserer:
– Det blir arbeidd i eitt køyrefelt om gongen, slik at eitt køyrefelt alltid er opent. Dagane det ikke er arbeid, vil begge køyrefelta vera opne. I tillegg skal vi ikkje jobba i helgene i dette populære utfartsområdet, då trafikken er ekstra høg.
Trafikkreguleringa vil i hovudsak vera trafikklys, men det det kan og verta aktuelt med manuell dirigering i enkelte tilfelle.
– Også trafikantane har eit ansvar
Statens vegvesen sitt samfunnsoppdrag er å syta for at vegane skal vera trygge og framkomelege.
– Det å forsterka vegen, slik vi skal gjera her, er ein del av vedlikehaldsansvaret vårt. Så er det viktig å hugsa på at også trafikantane har eit ansvar for at det er trygt i arbeidsområdet. Nedsette farstgrenser, trafikkdirigering og skilting er der av ein grunn, og det er noko som er uendeleg mykje større enn ein sjølv og eins eige utolmod der og då. Det handlar om trafikktryggleiken for oss alle, både trafikantane og dei som jobbar på og langs vegen for trafikantane, for at vegen framleis skal vera trygg, avsluttar Stange.