Riksveg 5 Fodnestunnelen. Illustrasjon: Statens vegvesen
Publisert: 08.04.2025 

Arbeida i Fodnestunnelen tek pause til over påske

Statens vegvesen sitt prosjekt med å skifta platekvelv i Fodnestunnelen tek pause til over påske. Slik påverkar det trafikantane.

Arbeidet i Fodnestunnelen tek påskeferie frå fredag 11. april klokka 06.00  til og med tysdag 22. april klokka 20.00.

I denne perioden vert det fri ferdsel i tunnelen og vanlege ferjeavgangar mellom Mannheller og Fodnes.

Frå tysdag 22. april klokka 20.00 til fredag april 25. klokka 06.00 vil arbeidet pågå på natt med nattferje til Lærdal.

Frå måndag 28. april vil arbeidet pågå kvar natt mellom måndag kveld klokka 20.00 og fredag morgon klokka 06.00.

Nettene då arbeidet finn stad, går ferja i rute frå Lærdal. Frå fredagar klokka 06.00 til måndag klokka 20.00 vert det fri ferdsel i tunnelen og vanlege ruter mellom Fodnes og Mannheller.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur