Illustrasjonen viser korleis vegnettet vil sjå ut i dagsona på Seljestad. Illustrasjon: Multiconsult for Statens vegvesen
Publisert: 14.03.2025 

No er det klart kven som skal byggje ny E134 mellom Røldal og Seljestad

Statens vegvesen har innstilt arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad og Metrostav Norge til å bygge ny Røldalstunnel på E134 mellom Røldal og Seljestad.

Konkurransen om totalentreprise vart lyst ut 04. juni 2024, og etter prekvalifiseringa blei fire entreprenørar invitert til å levera tilbod.

Prosjektet ligg mellom Røldal og Seljestad i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Kontrakten har ein verdi på 2,8 milliardar kroner eksklusive mva.

Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik ser fram til byggestart på strekninga som er ein viktig del av transportåra på E134 mellom aust og vest.

– Den nye Røldalstunnelen vil gi ein meir trygg og effektiv vegstrekning på vinterstid, noko som vil styrke vegens rolle som transportkorridor mellom Austlandet og Vestlandet, kommenterer Kjell Inge Davik.

Signerer kontrakt mot slutten av månaden

Statens vegvesen tar sikte på å signere kontrakt med arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad og Metrostav Norge AS i slutten av månaden, etter at klagefristen er ute. Anleggsarbeida skal etter planen starte opp i løpet av sommaren 2025, og vegopning er planlagt i 2031.

Skal styrke framkome på viktig trafikkåre mellom aust og vest

Prosjektet er lyst ut som totalentreprise, og omfattar prosjektering og bygging av eitløps-tunnel mellom Seljestad og Røldal med dagsoner og kryss i kvar ende. E134 er eit av hovudsambanda mellom aust og vest, og den nye tunnelen vil gi tryggare veg og kortare køyretid. Kontrakten omfattar bygging av:

  • 1,7 kilometer ny veg i dagen på Liamyrane ved Røldal.
  • 1,2 kilometer ny veg i dagen på Seljestad, samt gang- og sykkelveg på cirka 0,7 kilometer.
  • Ny tunnel mellom Liamyrane og Seljestad på om lag 12,4 kilometer.
  • Diverse konstruksjonar i tilknyting til veganlegget.
Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur