Det er krevjande å gjennomføre anleggsarbeida samtidig som ferjekaia skal vere operativ, men med god planlegging så har det gått bra så langt i prosjektet. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 08.11.2024 

Strakstiltaka for E39 Vestnes ferjekai er i rute

Arbeida med strakstiltak for betre trafikktryggleik for E39 Vestnes ferjekai er godt i gang. I nokre veker vil det ikkje vere tilgang til toalett på kaia.

Arbeida starta i slutten av september og så langt har det gått som planlagt for ferjekaia i Vestnes kommune i Møre og Romsdal.

Stor aktivitet

– Vi har gravd grøft for fiber, straum, overvatn og avløp. Det er frest asfalt og gjort førebuingar for legging av kantstein. For det nye busstoppet er kantstein allereie på plass. Den gamle Furneskiosken er riven og nytt mellombels servicebygg er etablert, seier byggjeleiar Kristian Hauståker i Statens vegvesen.

Arbeida kravde omlegging av køyremønster til parkeringsplassen og det er litt mindre parkeringskapasitet enn før, fortel Hauståker, som opplever at trafikkavviklinga har gått bra.

Det er ingen endringar i køyremønster for dei som skal ha med seg køyretøy på ferja.

Ikkje toalett frå 25. november

– Den kommande perioden skal det etablerast avløpssystem til nytt servicebygg, grunnarbeid skal gjerast for det nye servicebygg og ikkje minst oppsetjinga av sjølve servicebygget. I tillegg kjem etablering av trafikkøyar og kantstein. Det blir også mindre asfalteringsarbeidar til slutt, seier Hauståker.

I denne fasen vil arbeida etter kvart komme i konflikt med det mellombelse servicebygget som er sett opp, derfor må dessverre dette tilbodet falle bort nokre veker.

– Perioden utan toalett på ferjekaia blir frå og med 25. november og til nytt servicebygg er på plass cirka veke 51. Det blir i denne perioden etablert ei enkel brakke utan toalett.

Utførande entreprenør for arbeida er Mesta.

Planlegg fleire tiltak

Strakstiltakene er del av ein større plan for E39 Vestnes ferjekai. Her er arbeidet med detaljregulering for kaia og tilhøyrande område i gang. Planarbeidet omfattar ny gang- og sykkelveg og trygg kryssing av E39 med samband heilt til Vestnes. Det skal også leggjast til rette for ny og dobbel ferjekai.

Ferjesambandet Molde-Vestnes var i fjor Møre og Romsdals mest trafikkerte ferjesamband.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur