– Først ut er Boknasundbrua. Der har vi starta rigginga til arbeidet med å byte fuger. Dette er eit prosjekt som startar 28. oktober, og etter planen skal vere ferdig fredag 13. desember, seier byggeleiar Birgit Marie Teien Bryne i Statens vegvesen.
Dette blir konsekvensane for trafikantane undervegs
Arbeidet startar klokken 07.00 om morgonen, og vi må stenge eit køyrefelt om gongen medan arbeida pågår.
Dette av omsyn til tryggleiken for arbeidarane, og for at jobben skal kunne gjerast forsvarleg til beste for trafikantane, legg ho til.
På dagtid vil det vere manuell dirigering. Viss det blir nødvendig med nattarbeid, blir det lysregulering.
Det er lagt inn avgrensningar på lydnivå i samband med jobben. Av omsyn til naboar skal dei mest støyande delane av arbeidet føregå på dagtid.
Dette er drift og vedlikehald
Fugebyte er eit ordinært vedlikehaldsarbeid, og det er ingen fare for bereevna til brua, understrekar byggeleiaren.
Statens vegvesen har ansvaret for drift og vedlikehald av 6.190 bruer og brukonstruksjonar over heile landet.
– Drift å er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å sørge for at vi klarar det i morgon. Det å byte brufuger er ein del av dette, legg ho til.
Del av Vegvesenet sitt samfunnsoppdrag
Etter at jobben på Boknasundbrua er ferdig, flytter Statens vegvesen og entreprenør seg 3,7 kilometer lenger nord i Bokn og held fram med vedlikehaldsløftet på E39-bruene i kommunen.
Då er det fugene på på Ognasundbrua som skal bytast.
– Også dette er eit ordinært og på same tid nødvendig vedlikehaldsarbeid, og ein del av Statens vegvesen sitt samfunnsoppdrag med å halde E39 i Rogaland trygg og driftssikker for dei 5800 køyretøya (av dette 870 lange køyretøy/tungtrafikk) som dagleg trafikkerer dette området, avsluttar byggeleiar Birgit Marie Teien Bryne i Statens vegvesen.
Arbeida på Ognasundbrua skal etter planen vere ferdige 31. januar.