Det blir kolonnekøyring i den 5970 meter lange tunnelen medan øvinga vert rigga til klokka 17.00–17.45.
– Sjølve øvinga finn stad klokka 17.45–19.45. I dette tidsrommet vert tunnelen stengd. Øvinga tek ein liten pause når vi slepp igjennom rutebuss frå Naustdal klokka 18.45, seier brannvernleiar Atle Johnny Rygg i Statens vegvesen.
Det blir kun buss som får køyre i tunnelen i denne planlagde pausen i øvinga. Dette for å vareta HMS for dei som skal øve, samt at det ville tatt for mykje tid å sleppe gjennom heile kolonnen.
Klokka 19.45–20.30 blir det kolonnekøyring medan Vegvesenet riggar ned og ryddar opp etter øvinga. Etter dette går trafikken som normalt att.
Øvinga skjer i samarbeid med Sunnfjord brann og redning, politi og helse.
Trygg tunnel
– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan vera krevjande for trafikantane, men det er naudsynt i ein kort periode slik at Vegvesenet som ansvarleg vegeigar kan få øvd dersom noko skulle skje, legg Rygg til.
Statens vegvesen er en del av den totale samfunnsberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.
– Derfor held vi øvingar som dette, noko som er ein av viktig del av vårt kontinuerlege arbeid med å syta for eit effektivt, trygt og framkommeleg vegnett, understrekar han.
Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta at Vegvesenet skal halda slike øvingar.
– Det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for trafikantane, som ein del av vårt kontinuerlege arbeid, kvar dag, heile året, for å halda tunnelane trygge.
– Vi gjer dette for å vera førebudde
Vegdrift handlar om konsekvens.
– Vi gjer difor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg, legg Rygg til.
Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging.
– Ved å øva saman med naudetatane drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa, avsluttar brannvernleiar Atle Johnny Rygg i Statens vegvesen.
Statens vegvesen oppmodar alltid trafikantar til å sjekka 175.no eller appen Vegvesen trafikk før dei skal ut og reisa. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på alle landets vegar.
Det har aldri vore fleire moglegheiter for å oppdatera seg på trafikkbiletet enn i dag.
Den 5970 meter lange Naustdalstunnelen vart opna i 1995.
I dag køyrer det i gjennomsnitt 2192 køyretøy dagleg gjennom tunnelen. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT).
Av dette er 15 prosent, eller 328, lange køyretøy (tungtrafikk).