Teknisk byggeleder VA

Email
Kopier link
Del med

Vil du være med å bygge Rv. 555 Sotrasambandet?

Arbeida med bygging av Rv. 555 Sotrasambandet er no godt i gang. Det er behov for styrke bemanninga vår med teknisk byggjeleiar vass- og avløp og overvatn, for å følgje opp arbeidaren til OPS-leverandøren.

Rv. 555 Sotrasambandet er nytt riksveganlegg mellom Bergen vest og Kolltveit i Øygarden kommune. Veganlegget som no er under bygging, ligg vest for Bergen og består av ca. 10 km veg mellom Bergen vest og Kolltveit i Øygarden kommune. Prosjektet inkluderer fire tunnelar, fleire store kryss, veg i dagen, ei ny firefelts hengjebru, 22 betongbruer og 19 kulvertar. Byggjetida på fem år, med trafikkopning 1. juni 2027, og ferdigstilling i juli 2028.

I prosjektet byggjer vi også veganlegg som ikkje inngår i driftsperioden til OPS-leverandøren og som andre vegeigarar skal overta når desse er ferdigstilte.

Vegvesenet har etablert eit kompetent og variert prosjektteam som følgjer opp både prosjektering og bygging av heile prosjektet fram mot opning. Stillinga vil vere ein del av ei tverrfagleg gruppe som har som ansvar å følgje opp veg, VA og overvatn, og trafikk.

Prosjektet er modellbasert.

Les meir om prosjektet her: Rv. 555 Sotrasambandet | Statens vegvesen (https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/riksveg/sotrabergen/).

Arbeidsoppgåver

Teknisk byggjeleiar rapporterer til byggjeleiar og vil ha følgjande arbeidsoppgåver innan sitt fagområde:

  • Rapportering og tett samarbeid med byggjeleiar
  • HMS
  • Arbeidsledelse av 2 kontrollingeniørar (innan VAO, veg og trafikk)
  • Innspel til tekniske avklaringar
  • Håndtering av avvik og endringar mellom prosjektering og bygging
  • Oppfølging av framdrift og kontrollplanar
  • Oppfølging av tredjeparts kontrollar
  • Bidra aktivt med byggjeleiar i vurdering av tekniske avklaringar, krav og dokumentasjon
  • Delta i byggjemøte, vernarunder, tekniske møter mm.
  • Stillinga kan bli tilført ytterlegare arbeidsoppgåver avhengig av din kunnskap og interesser.

Kompetansekrav

  • utdanning frå høgskule/universitet på bachelor/masternivå innan relevante fag som til dømes VA, veg eller bygg- / anleggstekniske fag
  • førarkort klasse B

Relevant erfaring innanfor fagfelta kan kompensera for utdanningskravet.

I tillegg er det ønskjeleg at du har:

  • erfaring frå tilsvarande funksjonar og anleggsarbeid
  • erfaring frå oppfølging av entreprisekontraktar
  • erfaring med BIM/fagmodellar og gode kunnskapar i bruk av digitale verktøy

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Me legg vekt på at du er:

  • god på å kommunisera og har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • god på å ta initiativ og finna løysingar
  • god til å samarbeida og ein relasjonsbyggjar
  • sjølvstendig, strukturert og effektiv

Kontraktsspråk er norsk, men du vil oppleva at arbeidsspråket vil også kunna vera på engelsk i gitte samanhengar. Du vil få god støtte i medarbeidarane dine om engelsk munnleg/skriftleg kjennest litt uvant i starten.

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt prosjektleiar John Markus Hallandtlf. 95 23 15 82

Arbeidssted
Søknadsfrist
25.10.2024
Bransje
Stillingstype
Arbeidsgiver
Statens Vegvesen
Kontaktperson
John Markus Halland
Prosjektleiar
Telefon
952 31 582
Send søknad

Flere Stillinger