Arbeida er i gang denne veka på E39 Vestnes ferjekai. Foto: Statens vegvesen.
Publisert: 27.09.2024 

Strakstiltaka på E39 Vestnes ferjekai er i gang

Statens vegvesen er no i gang med strakstiltak på E39 ferjekai. Dei som parkerer og skal ta ferje utan bil bør berekne litt meir tid.

Dette kjem av omlegging av køyremønster til parkeringsplassen. Det blir også litt mindre kapasitet for parkering. For dei som skal ha med køyretøy på ferja blir det ingen endringar.

Startar riving av Furneskiosken

Denne veka blir det etablert eit midlertidig servicebygg og nødvendig arbeidsvarsling/skilting kjem på plass.

– Det midlertidige servicebygget blir operativt neste veke, og då startar også rivinga av Furneskiosken, seier byggjeleiar Kristian Hauståker i Statens vegvesen.

Det har ikkje vore drift av kiosken dei siste åra, men bygget har likevel fungert som servicebygg.

Betre trafikktryggleik

– Strakstiltaka blir gjorde for å sikre trafikktryggleiken for mjuke trafikantar, med betre styring av trafikken til og frå parkeringsareala, forkorte lengda for fotgjengarkryssing og leggje betre til rette for på- og avstigning til buss, forklarer Hauståker.

Det heilt nye servicebygget vil liggje nærare kaia. I tillegg skal det lagast sykkelparkering og ei vidareføring av renovasjonsløysinga. Målet er at arbeida med strakstiltaka skal vere ferdig før jul i år.

Utførande entreprenør er Mesta. Desse arbeida var den første «mini-konkurransen» som vart lyst ut med utgangspunkt i den nye rammeavtalen «Mindre vegarbeid område midt 2024–2026» som vart signert av alle entreprenørane 26. juni 2024.

Del av større plan for ferjekaia

Strakstiltaka er del av ein større plan for E39 Vestnes ferjekai, der Statens vegvesen er i gang med detaljregulering for kaia og tilhøyrande landområde.

Dette planarbeidet omfattar mellom anna etablering av gang- og sykkelveg og trygg kryssing av E39 med samband heilt til Vestnes sentrum. I tillegg skal det leggjast til rette for ny og dobbel ferjekai i tillegg til eksisterande kai, som vil få ny funksjon.

Møre og Romsdals mest trafikerte ferjesamband

Ferjesambandet Molde-Vestnes frakta ifjor 1 1186 405 personar, 904.026 køyretøy og 7950 motorsyklar, og var Møre og Romsdal sitt mest trafikkerte ferjesamband i 2023.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur