Paradis Bru

Email
Kopier link
Del med

Prosjektbeskrivelse

Paradis G/S-bru blir verdas lengste i sitt slag. Det er ei bru i fiberforsterka plast (FRP), eller kompositt på norsk, beståande av glasfiber og karbonfiber. Bruk av desse materiala er relativt nytt på offentleg vegnett i Noreg. Dei har låg vekt, slik at dei kan produser- ast i fabrikk og løftast på plass, og dei krev minimalt med vedlike- hald.

Brua skal forbetre situasjonen for fotgjengarar og syklistar, og sikre trafikksikkerheit ved krysningspunkt av veg og bybane. Prosjektet, saman med «Infrastruktur Paradis»-prosjektet, skal sørgje for universelt utforma fortau/gangfelt og velje miljøvenlege materialar.

Med på laget har Vestland fylkeskommune rådgivarar frå Multicon- sult og Royal HaskoningDHV (Nederland). Hovudentreprenør er Consto, med prosjekterande FiReCO og produsent CSUB, samt transportør Royal Transport.

Brua er no i produksjon hos CSUB i Arendal, i fabrikken ved Eydehavn. Ho er 7 meter brei og 42 meter lang. Heile brua blir transportert til Paradis og løfta på plass. Alle detaljar rundt dette er ikkje endeleg avklara, men det ligg no an til installasjon i august og opning i september 2024.

Kontrakten er ein totalentreprise med samspel.

Byggherre
Vestland Fylkeskommune
Totalentreprenører
Consto
Rådgivende Ingeniør
Fireco
Kategori
Status
Kostnadsramme
 MNOK
Startdato
Sluttdato
Høst 2024

Prosjekter fra Vestland Fylkeskommune