Illustrasjonsbilde. Foto: Pixabay
Publisert: 03.09.2024 

Ny tilsynssak om bruinspeksjoner

Vegtilsynet har gjennomført ei undersøking av Statens vegvesen si oppfølging av bruinspeksjonar. Fokusområdet har vore oppfølging av dei mest alvorlege skadane som vert avdekka under inspeksjonar.

Vegtilsynet gjennomførte tilsynssaker innanfor bruforvaltninga i 2016 og 2017. Det vart då avdekka fleire manglar. Mellom anna var det lågare kontrollfrekvens enn kva det er krav om, og mangelfull oppdatering av tiltak. Samla set kunne dette gje eit feilaktig bilete av tilstanden på bruene, og mangelfull styringsinformasjon i Statens vegvesen.

Ei tilsynssak i 2023 viste at graden av gjennomførte inspeksjonar hadde auka sidan sist tilsyn, men at det framleis var brot på krav.

Ny tilsynssak peikar på gjentakande utfordringar

I 2024 har Vegtilsynet gjort ei ny undersøking. Vegtilsynet si overordna vurdering er at Statensvegvesen, gjennom dei geografiske områda, har oversikt over forslag til tiltak og oppfølging for deimest alvorlege skaderegistreringane på bru. Tilsynssaka har samtidig vist at det er svakheiter veddelar av Statens vegvesen sitt system.

Konklusjonane i saka er:

Statens vegvesen må sikre at kvalitetssystemet fungere etter hensikta og oppfylle sin funksjon som eit tilstrekkeleg og effektivt system for oppfølging av bruinspeksjonar.

  • Fleire delar av organisasjonen opplever prosessane i Kvalitetssystemet som lite nyttige og dei vert i liten grad nytta av dei som arbeider med oppfølging av bruinspeksjonar.
  • Det er og ulik oppfatning av om det er krav eller ikkje til å registrere forslag til tiltak i Brutus. Det er varierande grad av registrering av forslag til tiltak.

Statens vegvesen bør klargjere bruforvaltar si rolle og den samla organiseringa og fordelinga av ansvar og oppgåver knytt til oppfølging av bruinspeksjon.

  • Bruforvaltar opplever at det er krevjande å følgje opp pålagt ansvar og oppgåver.
  • Det er risiko for at det er ulik forståing for kva oppgåver og ansvar som ligg til bruforvaltarrolla ettersom det ikkje føreligg ei klar rollebeskriving.

Statens vegvesen bør sikre tilstrekkelege verktøy (FDV-system) til bruk ved oppfølging av bruinspeksjonar.

  • Statens vegvesen har ikkje eit tilstrekkeleg system for planlegging, prioritering og oppfølging av bruvedlikehald.
  • Dei geografiske områda har god kompetanse og god oversikt over tiltak i dei geografiske områda, men Statens vegvesen har ikkje tilstrekkeleg verktøy for å ha ei samla og oppdatert nasjonal oversikt over tiltak for utbedring av skadar
  • Statens vegvesen har ikkje eit system som gjer det mogeleg å aggregere data eller gjere prioriteringar av føreslegne tiltak for utbetring av skader mellom dei geografiske områda.

Ny tilsynssak peikar på gjentakande utfordringar

– Statens vegvesen har iverksett ei rekkje tiltak basert på tidlegare tilsyn og hendingar. Somme av punkta vi har sett i vår undersøking var også omtala i ein rapport frå Statens vegvesen i 2018 der ein gjekk gjennom bruforvaltninga. Vi peikar difor på utfordringar som har vore kjent i Statens vegvesen over tid. Det er derimot uklart for oss om tidlegare tiltak har hatt ynska effekt, seier Vegard Hansen, direktør i Vegtilsynet.

Det pågår no eit omfattande forbetringsarbeid for å sikre betre bruforvaltning, særleg som følgje av undersøkingar Statens havarikommisjon og PwC har gjennomført etter kollapsen av Tretten bru. Det er Vegtilsynet som følgjer opp tilrådingane som Statens havarikommisjon har gjeve i samband med denne undersøkinga.

– Det er positivt at Statens vegvesen har pågåande ei rekke tiltak for å betre bruforvaltninga, seier han.

Gjenstår arbeid

– Basert på undersøkinga vår ser vi at det gjenstår arbeid. Like viktig som at tiltak blir vedteke er at dei også blir implementert og tatt i bruk i heile organisasjonen. Vi ser at bruforvaltar har ei viktig rolle med ansvar for eit stort tal bruer og det må være realistisk å få gjennomført pålagte oppgåver, seier Hansen.

Vegtilsynet har også registrert at Statens vegvesen har avslutta samarbeidet med Trimble som leverandør for eit nytt IT-verktøy for forvaltning, drift og vedlikehold.

– Det har vore forventning om at dette skulle løyse mykje innanfor bruforvaltninga. Det gjer det meir sårbart når oppfølginga av tiltak er avhengig av enkeltpersonar og deira kompetanse. Det gjer det og krevjande for Statens vegvesen å bruke ressursane effektivt der det er mest behov for det, på tvers av geografiske område, seier Hansen.

Bru blir tema framover

Oppfølging av bruforvaltninga kjem til å vere eit prioritert område for Vegtilsynet framover. Statens vegvesen skal fyrst handtere rapporten internt, og sjå på kva tiltak som må gjerast.

– Dette må sjåast opp mot pågåande tiltak. Konkret kjem vi til å ha ei møte med leiinga i Statens vegvesen for å få ei orientering om planlagte tiltak, og som ein del av dette ei vurdering av kvifor tidlegare tiltak på nokre områder ikkje ser ut til å ha hatt ynskja effekt, avsluttar Hansen.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur