Illustrasjon: Statens vegvesen
Publisert: 23.08.2024 

Brannøving i E134 Åkrafjordtunnelen

Laurdag 7. september klokka 09.30-11.30 held Statens vegvesen brannøving i Åkrafjordtunnelen.

Dette er ei fullskala øving der naudetatane deltek, saman med Vegvesenet. E134 i dette området i Etne blir stengd i tida øvinga finn stad.

– Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta at vi skal ha brannøving. Dette er ein viktig del av vårt kontinuerlege arbeid med å sørga for eit effektivt, trygt og framkommeleg vegnett, seier praktisk tunnelforvaltar Karoline Bakken Bråthen i Statens vegvesen.

– Vi gjer dette for trafikantane sin tryggleik; for å vera best mogleg førebudde ved reelle tunnelhendingar. Ein del av øvinga er å bruka røykmaskin for å simulera ein brann i tunnelen. Det vil derfor vera mogleg å sjå røyk i området rundt tunnelen, legg ho til.

Den 7404 meter lange Åkrafjordtunnelen vart opna 15. juli 2000. Tunnelen vert gjennomsnittleg trafikkert av 2100 køyretøy per døgn. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 25 prosent, eller 525, lange køyretøy (tungtrafikk).

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur