Dronebilde av fjellet ved Hesjabakkmyrane. Tunnelen skal gå inn i fjellet til venstre. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 05.06.2024 

No går kontrakt for ny Røldalstunnel ut i marknaden

Statens vegvesen har lyst ut kontrakt for E134 mellom Røldal og Seljestad.

– Vi er svært glade for å endeleg komme i gang med ny Røldalstunnel, og det er ein milepæl at kontrakten no kjem ut i marknaden. Dette er eit prosjekt mange har venta lenge på, og som både vil komme privatbilistar og tungtransportnæringa til gode. E134 er ein av hovudsambanda mellom aust og vest, og ny tunnel vil gi tryggare veg og kortare køyretid, forklarer prosjektleiar Frode Lykkebø.

Utlyser totalentreprise

Kontrakten er ein totalentreprise som omfattar prosjektering og bygging av eitløps-tunnel med tilknyting mellom Seljestad og Røldal. Kontrakten har ein verdi på 2,5 milliardar eksklusive mva og omfattar:

  • 1,7 kilometer ny veg i dagen på Liamyrane ved Røldal.
  • 1,2 kilometer ny veg i dagen på Seljestad, samt gang- og sykkelveg på cirka 0,7 kilometer.
  • Ny tunnel mellom Liamyrene og Seljestad på om lag 12,4 kilometer.
  • Diverse konstruksjonar i tilknyting til veganlegget.

Kontraheringsprosessen blir gjennomført med prekvalifisering og forhandling, og kontrakten skal etter planen inngås i løpet av våren 2025. Vegopning skal etter planen skje i 2031.

Førebuande arbeid er i gang

På Seljestad er førebuande arbeid  i gang, her skal ei mindre bru rivast for å legge til rette for ei 15,5 meter lang spennarmert betongbru. Brua som skal byggast skal gje tilgang til det som blir Røldalstunnelen sitt riggområde.

Om prosjektet

  • Parsellen E134 Røldal–Seljestad gir ei innkorting av køyrelengda på 6,4 kilometer og redusert reisetid på om lag 18 minutt for tyngre køyretøy og om lag 12 minutt for personbilar.
  • Den nye tunnelen får trafikken bort frå eldre og tronge tunnelar, og lange parti med bratt og svingete vegtrase der særleg tungtrafikken har store problem på vinterstid.
  • Ny Røldalstunnel blir cirka 12,4 kilometer, og skal erstatte dagens Røldalstunnel og Seljestadtunnelen og dei tunge stigningane i Håradalen.
  • Vest for den nye tunnelen omfattar parsellen ny E134 i dagen og nytt vegkryss på Seljestad.
  • Tilsvarande blir det på Liamyrane aust etablert nytt kryss og ny kolonneoppstillingsplass.
  • Prosjektet vil gi samfunnet ei god trafikkåre mellom Aust- og Vestlandet med trygg framkome heile året, i tillegg til at ein vil oppnå reduserte tids- og transportkostnadar.
Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur