Gjende. Illustrasjon: Knut Hjeltnes sivilarkitekter MNAL AS
Publisert: 05.06.2024 

Statens vegvesen opnar nytt bygg på Gjende – fleirårig oppgradering av reiselivsikonet fullført

Det nye servicebygget ved Gjende langs Nasjonal turistveg Valdresflye får si offisielle opning torsdag 19. juni. Sju år etter det første spadestikket har Statens vegvesen fullført si omfattande oppgradering av den velkjente innfallsporten til Jotunheimen.

Gjende er ein av tre store norske reiselivsattraksjonar som etter fleire år med bygging står fram i ny drakt sesongen 2024. Dei andre to er Torghatten langs Nasjonal turistveg Helgelandskysten (14. juni), og Vøringsfossen langs Nasjonal turistveg Hardangervidda (18. september).

Servicebygget danner ei grense mellom den travle fjellterminalen og Jotunheimen nasjonalpark.  Bygget er lett å sjå frå alle himmelretninger og ikkje minst for fjellvandrarar frå Besseggen i nedstiginga  til Gjende. Ei viktig utfordring for arkitekten var derfor å utforme eit bygg uten baksider og eit vakkert tak.

Gran og furu gir interiøret eit roleg uttrykk og dei store vindaugo gir dei besøkande den gode opplevinga av Gjendevatnet og dei bratte og grøne fjellsidene.

Med det nye bygget avsluttar Statens vegvesen sitt fleirårige arbeid med å løfte Reinsvangen/Gjende til eit fullverdig nasjonalt turistanlegg. I tillegg til terminalbygget er det etablert ny brygge i betong med bryggehus med lager for Gjendebåten, Memurubu og Gjendebu samt benk under tak for ventande på båten. Ved Gjendevatnet har naturen overteke for parkeringa som er flytta til Reinsvangen der eksisterende parkering er kraftig utvida. Her er det oppført eit nytt servicebygg med toaletter, tilrettelagt for shuttlebusser og ordna sykkelparkering under tak for utleigesyklar.

Statens vegvesen opnar det nye terminalbygget på Gjendeosen onsdag 19. juni kl. 13.00. Programmet inneheld orienteringar om arkitekturen, byggeprosessen og turistvegsatsinga med si betydning for reiselivet. Det blir musikk ved Vågå kulturskole og servering. Ordførar Harald Sve Bjørndal i Vågå kommune står for den offisielle opninga.

Arkitekt: Knut Hjeltnes Sivilarkitekter / Entreprenør: Brun Bygg AS / Byggherre: Statens vegvesen

Gjennom 30 år har Statens vegvesen tilrettelagt atten utvalde naturskjønne strekninger langs fjell, foss, kyst og fjord. Nyskapande arkitektur i form av rasteplassar, utsiktsrampar og servicebygg, saman med tankevekkende kunst inspirerer og begeistrar vegfarende frå både inn- og utland. Tilrettelegginga av attraksjonen Nasjonale turistvegar bidreg til verdiskaping i reiselivsnæringane i tråd med satsingen sin hensikt.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur