Fellesprosjektet Arna–Stanghelle bygger vei og bane som én byggherre. Illustrasjon: Red Ant/Statens vegvesen
Publisert: 03.04.2024 

Fellesprosjektet Arna–Stanghelle er prioritert i forslaget til ny Nasjonal transportplan

Prosjektet er fullfinansiert i forslag til NTP (2025–2036). Prosjektet ligg inne med midlar i den første perioden, og kan dermed få byggestart i 2025.

Strekninga Arna–Stanghelle er svært utsett for ras, og den nye traseen vil gje tryggleik for dei reisande. Utbygginga vil og auke kapasiteten og redusere reisetida både på jernbana og på E16.

– Prioriteringa av Fellesprosjektet i NTP er stort for Vestlandet, og ikkje minst alle som dagleg ferdast på strekninga. Regjeringas forslag til NTP slår fast at Fellesprosjektet Arna–Stanghelle no skal realiserast, seier prosjektsjef Katrine Sælensminde Erstad.

Neste milepåle er avgjersle om investering frå Stortinget

Forslag til NTP blei lagt frem av regjeringa 22. mars og skal verte handsama i Stortinget i juni. Prosjektet venter no på at Samferdsledepartementet sender ei bestilling på ein stortingsproposisjon som skal leggast frem til vedtak i Stortinget. Vedtak av stortingsproposisjonen betyr at avgjersle om investering er formelt fatta.

Vil starte på den delen av strekningen som er mest utsett for ras

Fellesprosjektet planlegg å starte arbeida for både vegen og jernbana mellom Trengereid og Vaksdal, som er den delen strekninga som er mest utsett for ras.

– Vi arbeider no med å gjere klar utlysinga av dei første kontraktane, slik at dei kan komme ut i marknaden så snart vi får avgjersle om investering i Stortinget, seier prosjektsjef Katrine Sælensminde Erstad.

Kontraktar for berg- og skredsikring og anleggstunnelar vert lyst ut først

Prosjektet reknar med at det gå omlag seks til ni månader å lysa ut dei første kontraktane og få på plass entreprenør.

– Dei første kontraktane som vert lyst ut i marknaden er kontrakt for berg- og skredsikring av anleggsområda, og ein kontrakt for driving av tre anleggstunnelar frå Sørfjorden til dei nye hovudtunnelane for veg og bane, fortel assiserande prosjektsjef Anne Laskemoen Herdlevær.

Prosjektet skal og lyse ut ei stor rammeavtale med éin leverandør for rådgjevingstenester til prosjektet. Denne kontrakten omfattar prosjektering og konkurransegrunnlag for hovudkontraktene i prosjektet.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur