Dette går frem av proposisjon som i dag blir lagt fram for Stortinget om delvis bompengefinansiering av Bypakke Haugesund og fastlands-Karmøy.
Med ny Risøy bru blir forbindelsen mellom Haugesund sentrum og Risøy markant betra. Kollektivtilbodet vil bli styrka, og mjuke trafikkantar vil få utvida gong- og sykkelveg. I tillegg blir det det lagt fram fleire prosjekt og tiltak som saman skal verke til å redusere både forureining og trafikkstøy i sentrumsområdet.
Denne bypakka skal avløyse tidlegare Haugalandspakken, med sikte på ein oppstart i 2025. I tråd med lokale vedtak byggar innkrevjingsopplegget delvis på dagens innkrevjing i Haugalandspakken, men utvidast til to bomringar med i alt 11 bomstasjonar.
– For å gjennomføre dette har lokale styresmakter vedteke delvis bompengefinansiering av bypakka. Pakka vil vere viktig for å oppnå nullvekstmålet for personbiltransport, slik at vi får transportveksten over på gonge, sykkel og kollektiv, seier samferdselsministeren.
Den økonomiske ramma for Bypakka er om lag 4,7 mrd. Finansieringa er basert på bompengar, fylkeskommunale og kommunale midlar. I tillegg kjem mva.-kompensasjon frå staten for prosjekt i pakka. Det er lagt til grunn ein innkrevjingsperiode på 15 år.