Samferdselsdepartementet ga i 2019 Statens vegvesen i oppdrag å gjennomføre ei konseptvalutgreiing (KVU) for rv. 658 i Ålesund og Giske kommunar.
I rapporten, som vart oversendt Samferdselsdepartementet denne veka, tilrår Statens vegvesen eit todelt tilråding med ei vesentleg oppskalering av dagens busstilbod (K1), etablering av ei passasjerferje mellom Valderøya og Ålesund (K2) og ei oppgradering av dagens tunnelar og kryss (K3). Dei tre anbefalte konsepta har ein berekna kostnad på 3,8 milliardar kroner (K1 – 0,6 mrd., K2 – 0,9 mrd. og K3 – 2,3 mrd.) Konsept K5, nye parallelle tunnelløp, vil vere alternativet dersom det viser seg at K1 og K2 i kombinasjon med K3 ikkje gjev god nok effekt i høve prosjektutløysande behov som er brannsikkerheit og tunneltryggleik.
Her kan du lese heile rapporten.
Kombinerast med restriktive tiltak
– Føresetnaden for at dei to kollektivløysingane skal gje ein reduksjon i årsdøgntrafikk (ÅDT) i Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen, er at dei kombinerast med restriktive tiltak, som til dømes bompengar. Dette viser våre trafikkanalysar, fortel prosjektleiar for konseptvalutgreiinga Ole-Mathias Nes.
– Ved å inkludere konsept 3 – ei mindre utbetring av eksisterande tunnelar og vegsystem på rv. 658 – meiner vi at risikoen for at alvorlege hendingar oppstår i tunnelane vert redusert med dagens trafikktal. Men dersom trafikken fortsett å auke, er alternativet nye parallelle tunnelar, seier Nes.
Kostnaden for ei slik løysing er berekna til 10,2 milliardar kroner og inneber at ein vidarefører ein stigningsprofil over 5 prosent, men då med tverrsamband for rømming over i det andre løpet og moglegheit til å stengde det eine løpet samtidig som trafikken går i det andre.
Trafikkveksten i tunnelane må dempast
– Løysingane i K1, K2 og K2 står seg godt også dersom ein må byggje nytt tunnelløp med bakgrunn i anten kapasitetsutfordringar eller dersom trafikken i tunnelane held fram med å auke. Utfordringa, slik vi ser det, er at trafikkmengda i tunnelane allereie har nådd så høge nivå at ei større investering kan bli nødvendig uavhengig av om ein klarar å dempe trafikkveksten på kort sikt, fortel prosjektleiaren.
– Så er det og ei utfordring at med ei bompengeløysing vert bilistane råka økonomisk. Det vil difor i denne saka, som i andre bompengesaker, vere den lokalpolitiske tilslutninga som avgjer kor vidt dette er aktuelt. Det vil og vere mogleg å vurdere andre restriktive tiltak eller insentiv til å flytte fleire frå privatbil til kollektiv.
Kvalitetssikring og høyring
Rapporten skal no gjennom ekstern kvalitetssikring (KS1), og sendast samtidig ut på høyring slik at alle interessentar kan komme med sine synspunkt. Vegvesenet sin rapport, KS1 og høyringsinnspela skal til saman danne grunnlaget for regjeringa si avgjersle.
Torsdag 21. mars skal rapporten og tilrådinga presenterast for referansegruppa for KVU rv. 658 Ålesund–Vigra.