Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård opna i går E39 Myrmel-Lunde i Sunnfjord kommune, vestland. Han er flankert av (f.v.) Ordførar Jenny Følling i Sunnfjord, utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen, direktør Ove Myrvåg i Vegdirektoratet og fylkesordførar Jon Askeland i Vestland. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 07.02.2024 

Opna europaveg bygd under budsjett i Sunnfjord

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård opna i går E39 Myrmel–Lunde. Vegen er bygd under styringsramma, og gir sikrare og raskare framkomst.

– Gratulerer med ny veg! Strekninga vi no opnar i dag er viktig, både som lokalveg og som del av hovudferdselsåra E39. Eg vil takke Statens vegvesen, AS Birkeland Entreprenørforretning og alle underentreprenørar, som har gjort dette mogleg. I tillegg er det gledelig at det blir levert under budsjett, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård frå scena.

Vegprosjektet med ein styringsramme på 681 millionar kronar vil ende opp 6 til 8 prosent under ramma, når restarbeidet er ferdig til sommaren.

Opningsseremonien føregjekk på Myrmel, sør for den nye Myrmeltunnelen, på strekninga mellom Førde i Sunnfjord og Sognefjorden. Til trompettonar frå distrikstmusikar Julia Gåsvær vart stemninga sett for ein fin seremoni, medan det lokale 4H-laget serverte kaffe og kaker til alle frammøtte.

Veldrive prosjekt

– På dette prosjektet har det vore svært godt samarbeid mellom Statens vegvesen og entreprenøren. Dette har også vore eit veldrive prosjekt, utan personskader eller fråvêrsskader på rundt 130.000 utførte arbeidstimar. De har all grunn til å vere stolte, sa direktør Ove Myrvåg i Vegdirektoratet på vegner av Vegdirektøren.

Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik leia seremonien ute, og han var svært nøgd med å levere nok eit prosjekt som heldt seg innafor dei økonomiske rammene. Det høyrer med til historia at Vegvesenet sin prosjektorganisasjon i Jølster og Sunnfjord dei siste ti åra har gjennomført fire store prosjekt på E39 og riksveg 5.

– Samla sett har desse prosjekta vore levert ca 11 prosent under styringsrammene, seier prosjektleiar Ole Martin Lilleby i Statens vegvesen.

Samlar fylket

Fylkesordførar Jon Askeland i Vestland var også svært glad for å ta del i vegopninga.

– Dette kortar inn avstandane i fylket, og er eit ledd i å gje betre verdiskaping. No håpar eg statsråden også vil vise god vilje til å bygge E39 Storehaugen-Førde i kommande NTP-framlegg, sa Askeland, og fekk sterk støtte frå neste talar, som var Sunnfjord-ordførar Jenny Følling:

– Vi må få E39-trafikken ut av Førde sentrum og bort frå dei berykta hårnålssvingane i Hallbrendslia, sa ho.

Fleire med

Anlegget er utført som ein totalentreprise. Hovudentreprenør Birkeland har hatt med seg FH-maskin som har utført arbeida ute i dagen. Norconsult har stått for prosjekteringa, der alt har vore modellbasert. Mesta Elektro har stått for elektroinstallasjon.

– For mange av oss i prosjektorganisasjonen var det første prosjekt heilt utan teikningar, men dette har gått heilt utmerka, mykje takka Norconsult, seier prosjektleiar Lilleby.

Lokal verdiskaping

Totalentreprenør Birkeland og så nær alle underentreprenørar har forankring i Vestland fylke. Det skapar også aktivitet heilt lokalt i Sunnfjord, både på den lokale kroa på Sande, hos lokale entreprenørar og driftige naboar som har tilbode sine tenester.

Nøkkeltal for prosjektet:

Styringsramme (P50): 681 millioner (2024-kroner)

Totalkostnad: Ligg an til 6-8 prosent under styringsramme.

Veglengde E39 inkl. tunnel: 3815 meter

  • Private veger   450 meter
  • Landbruksveg 1600 meter
  • G/S-vei 500 meter

Tunnel inkl. portal: 946 meter

Anleggsstart: 30. august 2021

ÅDT: 3200

Fartsgrense: 80 km/t

Opna for trafikk: 22. januar 2024 (to veker før offisiell opning)

Entrepriseform: Totalentreprise

Entreprenør: AS Birkeland Entreprenørforretning

Utførte arbeidstimar: 130 621timer, tilsvarar cirka 70 årsverk.

Gjennomført utan personskade og fråver.

Gamle E39 over Myrmel vert omklassifisert til kommunal veg. Vegvesenet utfører oppgradering av vegen før overlevering til Sunnfjord kommune.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur