Jobben starta 2. januar, og skal etter planen vera ferdig til mai.
Statens vegvesen skal og setja opp innsnakkspanel (med tilhøyrande installasjonar) som skal brukast ved hendingar i tunnelane.
Trafikantane vil i januar bli påverka av arbeidet klokka 07.00–17.30 måndag–onsdag og torsdagar klokka 07.00–15.00.
Seinare blir det andre arbeidstider. Følg med på 175.no eller appen Vegvesen trafikk for oppdatert informasjon.
Trafikkdirigeringa er det Sogn Vegtjeneste som står for. Trafikken blir sleppt igjennom kvar heile og og halve time. Unnatak for dette vert gitt til utrykkingskøyretøy, rutegåande trafikk og brøytebilar/vinterdrift.
– Vi har forståing for at vegarbeid med venting kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for dei. Ved å etablera DAB og naudnett i Måbødalen betrar vi trafikktryggleiken og moglegheita for å varsla ved hendingar, seier byggeleiar Knyt D Y Åkre i Statens vegvesen.