Statens vegvesen reparerer kuldeportane i to av tre tunnelar på Strynefjellet. Biletet viser den øvste og austligste, Oppljostunnelen. Foto: Google Maps
Publisert: 21.12.2023 

Reparerer kuldeportar i Strynefjellstunnelane

Statens vegvesen reparerer denne veka kuldeportar i to av tunnelane på Strynefjellet.

Jobben i Oppljos- og Grasdalstunnelen blir gjort onsdag 20. og torsdag 21. desember.

Arbeidet vert utført på dagtid, frå klokka 08.00–20.00. Vegen blir stengd i periodar på inntil 2 timar.

Det blir følgjande kolonnetider:

Frå aust: 08:40, 10:40, 12:40, 14:40, 15:40, 16:40 og 17:50 (buss)

Frå vest: 09:00, 11:00 (buss), 13:00, 15:00, 16:00 (buss), 17:00 og 18:10.

– Vi har forståing for at vegarbeid som dette, med kolonnekøyring og venting, kan vera krevjande for trafikantane, men då det er det viktig å minna om at vi gjer dette for dei, for å vareta trafikktryggleiken også i framtida. Kuldeportar i tunnelar er viktige for å unngå isdanningar, som igjen kan føra til at fjell sprengast laus, seier kontrollingeniør Stig Arne Bugjerde i Statens vegvesen.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur