I Bergensområdet og på europavegene inn til byen opnar tunneloppgraderingsprosjekta for fri ferdsel med alle køyrefelt opne gjennom julehelga, romjula og nyttår. Her er oversikta over når tunnelarbeida tar ferie:
E39 Glaskartunnelen:
Fri fedsel frå kl. 05.30 fredag morgon, og fram til tysdag 2. januar kl. 22.00
Rv 555 Damsgårdtunnelen:
Fri fedsel frå kl. 05.30 fredag morgon, og fram til tysdag 2. januar kl. 22.00
E16 Dalevåg-, Dalseid-, Trollkone-, Hyvings- og Hernestunnelane:
Fri ferdsel frå torsdag morgon kl. 05.30 og fram til tysdag 2. januar kl 20.00
E39 Jernfjell, og Skrikebergtunnelen (E39 til Oppedal ferjekai):
Fri ferdsel frå tysdag 19. desember kl 18:00 (dagarbeid). Arbeidet startar opp att 2. januar kl 18:00 (nattarbeid)
God oppstart
Tunneloppgraderingsarbeidet rundt Bergen har generelt god framdrift, og dei to nye prosjekta som starta opp etter sommarferien er kome godt i gang. Det er Glaskartunnelen og Damsgårdtunnelen, og frå E39 Glaskartunnelen kan byggeleiar Kristian D. Sylta melde at dei har fått ein god oppstart på anlegget.
– Vi har bygd ny føringskant i nordgåande løp, med høgspent og slokkevatn. Vi har bora hol på tvers mellom dei to tunnelløpa for slokkevatn, lagt ned ein stor mengde trekkerøyr og starta utbetring av dreneringssystemet for overflatevatn, seier Sylta.
Dei har også greve ut tomt for nytt teknisk bygg nord for tunnelen, og fått opp ein fin natursteinsmur samt nytt teknisk bygg tilhøyrande tunnelen.
– Vi held framdriftsplanen, og etter nyttår vil arbeidet starte opp med grunnarbeid også i sørgåande retning, mens det blir elektroarbeid i nordgåande løp mot Åsane, seier Sylta.
Havarinisje i Damsgårdtunnelen
I Damsgårdtunnelen har dei fått sprengt ut havarinisje midt inne i tunnelen, og dei er kome langt med å sprenge ut plass til nytt teknisk rom inne i fjellet. Hovuddelen av sprengningsarbeidet vil vere unnagjort i midten av januar.
– Prosjektet er godt i gang. Vi har fått rive ein del av det tekniske utstyret i tunneltaket, og grunnarbeidet til tekniske bygg ute er kome langt. Vi er også godt i gang med grøfting, legging av trekkerøyr og fornying av dreneringssystem for overflatevatn, seier byggeleiar Ruben Onarheim i Damsgårdtunnelen.
To tunnelar nesten ferdige
På oppgraderingsprosjektet på E16 ved Dale er det berre finpuss som står att i Hernestunnelen, og litt sluttarbeid i Dalevågtunnelen.
– I Dalseid-, Trollkone- og Hyvingstunnelen pågår arbeidet for fullt, og vi har som mål å få det tekniske utstyret i drift og inn i ein testfase frå september av. Tunnelane rundt Dale skal vere ferdig oppgraderte ved utgangen av januar 2025, seier byggeleiar Eirik Røthe i Statens vegvesen.