Båten frå Sveio på Vestlandet hadde med seg i alt 605 stykk betongvegger til Tollbukaia i Drammen. Det utgjer omtrent ¼ av dei om lag 2600 betongveggene som skal kle dei to tunnelløpa i den 3,4 kilometer lange Sollihøgdtunnelen på E16 Bjørum–Skaret i Hole og Bærum.
Fem tonn per vegg
Første last med veggelement til prosjektet kom til Drammen i april og var for det meste ferdig montert i Bukkesteinshøgdtunnelen til sommarferien. Frakta av tunnelvegger frå Drammen til Sollihøgda vil gå føre seg med Ølens eigne spesialbilar, som kan ta fem veggelement a fem tonn på kvar tur.
520 turar
2600 betongvegger skulle dermed gi om lag 520 turar frå Drammen til Sollihøgda. E16 Bjørum–Skaret–prosjektet reknar med at monteringa av veggelementa i Sollihøgdtunnelen vil starta ein gong tidleg på nyåret 2024.