Det er førebels uvisst når E16 kan opna igjen.
Ny vurdering tysdag
– Det er for mørkt for geologen no i kveld, så det blir ikkje gjort noka ny vurdering før tysdag formiddag, seier byggherrevakt Roger Johannessen i Statens vegvesen.
– Det betyr at vegen vil minst vera stengt fram til tysdag formiddag. Sannsynlegvis må vegen haldast stengt lengre, avhengig av om det er forsvarleg å starta oppryddinga og kor store skadar det er på vegen, seier han.
Det har og gått nokre mindre skred andre stader på E16 mellom Voss og Flåm.
For å hindra at trafikantar blir ståande fast i området, er både Gudvanga-, Flenja-, Stalheim- og Sivletunnelene stengt inntil vidare.
Ekstra ferjeavgangar
Det er mogleg med omkøyring via riksveg 13 Vikafjellet, etter at Norled har sett opp ekstra ferjeavgangar i natt frå Vangsnes til Hella klokka 02.00, 03.00 og 04.00, og frå Hella til Vangsnes klokka 02.30, 03.30 og 04.30.
Andre omkøyringsmoglegheiter mellom Austlandet og Vestlandet er via riksveg 7 Hardangervidda eller E134 Haukelifjell.