Foto: Edvard Andersen/ Samferdselsdepartementet
Publisert: 28.06.2023 

Vegopning: Samferdselsministeren opna Madland Hamn

Med 180 grader utsyn til Nordsjøen opna Samferdselsmininster Jon-Ivar Nygård den nye rasteplassen Madland Hamn på Nasjonal turistveg Jæren.

– I år markerer vi 30 år med Nasjonale turistvegar. I dag opnar vi ein fantastisk flott rasteplass her på Vestlandet, seier Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård om opninga.

På ei lita fylling langs Nasjonal turistveg i Jæren på Sørvestlandet, har Statens vegvesen bygd ein langstrakt parkeringsplass med 180 graders utsyn over Nordsjøen. Nede i hamna er det bygd ei stormhytte med front i glas der ein kan sitte i ly og oppleve ver og bølgjer. Hytta har teke formspråk frå nausta som ligger der i dag.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård stod for den offisielle opninga tirsdag 27. juni 2023.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur