Statens vegvesen er opptekne av å gjera det vi kan for å sikra framkomsten og trafikktryggleiken på alle våre vegar til ei kvar tid.
Difor har vi i fellesferien (1. juli–15. august) klar fylgjebil og trafikkdirigentar viss lysreguleringa ikkje får unna trafikken på denne utsette vegstrekninga.
Som alternativ omkøyringsrute for Hardangerbrua oppmodar Statens vegvesen trafikantane å bruka ferjeruta Tørvikbygd–Jondal.
For detaljar om trafikkdirigeringa og framkomsten oppmodar Statens vegvesen som alltid trafikantane til å bruka ein av fleire moglegheiter for å få informasjon om trafikken i sanntid:
Anten ved å sjekka 175.no, vår nye app Vegvesen trafikk, sms-varsel eller digitale informasjonsskilt.
Det har aldri vore fleire moglegheiter til å få oppdatert informasjon om trafikken enn i dag. Vidare tilrår vi trafikantane å berekna ekstra tid.
Dei digitale skilta vil stå i så god avstand som mogleg før bru og ferjekaiar. Statens vegvesen vil nytta desse skilta til å informera viss trafikken hopar seg opp.
På denne måten gir vi trafikantane moglegheita til å vurdera alternative omkøyringar i god tid.
Dette kan vera særleg aktuelt no om sommaren, når det er meir trafikk enn elles i året.