Desse ferske bileta tekne i pinsen understrekar det tydeleg.
– Dette er vårt samfunnsoppdrag
– Det å halda fjellovergangane framkommelege og opne så mykje som mogleg, er eit samfunnsoppdrag vi og entreprenørane våre jobbar hardt for, kvar dag heile året. For oss stoppar ikkje vinterdrifta med kalenderen, men når tilhøva på vegen tilseier det. Og på Hardangervidda er det framleis behov for brøyting utført av vår dyktige entreprenør Presis Vegdrift, seier teknisk byggjeleiar høgfjell Johannes Soldal Måge i Statens vegvesen.
Med andre ord:
Skal du over fjellet, er det framleis viktig at du sjekkar vermeldinga og at bilen har på dekk som er tilpassa føreforholda.
Slik held du deg oppdatert om fjellovergangane
Det har aldri vore fleire moglegheiter for å halda seg oppdatert på tilhøva på fjellovergangane enn i dag, legg Måge til.
– Oppdatert informasjon i sanntid får du på 175.no, i vår nye app Vegvesen trafikk, via SMS-varsel eller på dei digitale friteksttavlene vi har sett opp i så god tid som mogleg før fjellovergangane.
I tillegg er det viktig at alle trafikantar fylgjer skilting og køyrer i tråd med trafikkdirigentane sine beskjedar.
– Medan du søv, jobbar andre på vegen for deg
Ha også respekt for brøytebilsjåførar og anna mannskap som jobbar på fjellet eller andre plassar på og langs riks- og europavegane.
– Dei som har vegen som arbeidsplass, gjer ein samfunnsviktig jobb for oss alle. Respektér at dei treng tid og rom til den. Unngå farlege forbikøyringar på fjellet. Det er diverre noko vi har sett mykje av i vinter, og noko som kan setja både deg sjøv og andre i fare, understrekar Måge.
– Vi har forståing for at venting kan vera frustrerande for trafikantene, og ikkje minst at det er frustrerande med venting grunna vinterdrift i månadsskiftet mai/juni, men hugs at det er for alles beste og for alles tryggleik på fjellet. Det er ein viktig del av vårt samfunnsoppdrag å halda vegane opne så mykje som mogleg. Men av og til må vi stengja. Og hugs at medan du framleis søv, så jobbar entreprenøren hardt for at vegen skal vera trygg og open for deg, avsluttar han.