Det blir ope møte om planleggingsarbeidet på kulturhuset Utgard i Lom 8. mai kl. 17.
Statens vegvesen skal i samarbeid med Lom kommune i gang med å planarbeid for utbetring av rv. 15 mellom Graffer og Lom. Hovudmålet for prosjektet er auka framkomst og trafikktryggleik på strekningen, og reduserte kostnadar til vedlikehald.
Utbetringsstrekning
Utbetringsstrekningar er omtalt i Nasjonal transportplan 2018-2029 (NTP). Hensikten er å få tilfredsstillande standard på lengre vegstrekningar. Det ligg nokre midlar til utbetring av rv. 15 i gjennomføringsplanen for gjeldande NTP. Om heile strekningen Graffer-Lom skal utbetrast, må prosjektet bli prioritert i neste rullering av NTP. Det er difor viktig å finne kostnadseffektive løysingar og halde investeringskostnadane så låge som mogleg.
Planprogram
Planen er utgreiingspliktig etter forskrift om konsekvensutgreiing og Statens vegvesen har på bakgrunn av det utarbeidd forslag til planprogram. Planprogrammet skal gjere greie for kva problemstillingar planprogrammet skal omfatte og korleis planprosessen blir gjennomført. Planprogrammet skal også seie kva utgreiingar som er naudsynte for å gi eit godt grunnlag for å ta avgjerd.
Kartet i forslaget til planprogram viser ei førebels avgrensing for reguleringsplanen. Avgrensinga betyr ikkje at det blir utbetring i heile området. Det er vanleg at reguleringsplanen også omfattar eit anleggsbelte, som er areal det er naudsynt å ha tilgang til langs vegen i byggeperioden.
Erverv av grunn og innmåling
Prosjektet vil krevje grunnerverv. Det er reguleringsplanen som gir heimel for grunnerverv og dette startar derfor normalt når reguleringsplanen er godkjent.
Informasjon om grunnerverv.
Det blir gjort innmåling av eigedomsgrenser der det er mangelfullt for å avklare omfanget av grunnervervet. Det blir også gjort innmåling av terrenget og andre detaljar langs vegen i løpet av våren og sommaren 2023.
Aktuelt regelverk
Planarbeidet er starta i samsvar med plan- og bygningslova §3-7, §12-3 og §12-8.
Framdrift
- Med bakgrunn i merknadane og føringar frå planprogrammet, lagar Statens vegvesen eit forslag til reguleringsplan som blir lagt til offentleg ettersyn i fire veker. Planen er at det skjer i løpet av desember 2023.
- Etter at planen har vore til offentleg ettersyn, blir merknadane som har kome samla og kommentert i ein merknadsrapport. Merknadane kan føre til justeringar og endringar i plandokumenta. I samråd med kommunen blir det vurdert om endringane utløyser krav til nytt offentleg ettersyn.
- Statens vegvesen sender planforslaget, alle merknadar og merknadsrapporten til sluttbehandling i Lom kommune. Om planforslaget blir vedtatt i kommunestyret, vil kommunen kunngjere planvedtaket. Involverte partar kan klage på vedtaket innan tre veker frå tidspunktet planvedtaket blir kunngjort.
- Rulleringa av Nasjonal transportplan vil avgjere vidare arbeid med grunnerverv, byggeplan og mogleg byggestart.
Send merknadar til planarbeidet innan 17.05.2023 til [email protected] eller til Statens vegvesen, Postboks 1010, 2605 Lillehammer. Merk oversendinga «23/51384».
Merknadar blir viktige innspel/føringar for planprosessen og i valet av kva løysingar som skal leggast til grunn for utarbeiding av planforslaget. Merknadane blir samla og kommentert i ein merknadsrapport som blir ein del av dokumenta i sluttbehandlinga av planforslaget.