Statens vegvesen skal utbetra mindre sprekkar i fjellet ved to av stopplommene i Lærdalstunnelen. Foto: Lars Olve Hesjedal/ Statens vegvesen
Publisert: 15.03.2023 

Tett konkurranse om vedlikehaldsjobb i Lærdalstunnelen

Statens vegvesen skal gjera ein mindre vedlikehaldsjobb i Lærdalstunnelen. Det er tett konkurranse om oppdraget.

Under ein kontroll av fjellet, som er ein ordinær del av vårt vedlikehalds- og inspeksjonsregime (og tunnelar er mellom dei mest inspiserte objekta på norske vegar), oppdaga vi mindre sprekkar i fjellet i dei to stopplommene nærast Lærdal.

– Desse sprekkane skal vi no utbetra. Det er ein mindre jobb som ikkje vil vera til hinder for trafikken. Planen vår er å dirigera trafikken manuelt forbi medan vi gjer jobben, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.

Jobben tar om lag tre veker og blir gjort på dagtid.

Tre entreprenørar har levert tilbod på oppdraget, og under 400.000 skillar dei tre tilbydarane (prisane er utan moms):

Tilbydar: Tilbodssum ekskl. mva:
Veidekke AS  4.190.205,00
Mesta AS 4.494.060,05
Birkeland Entreprenørforretning AS frå Sløvåg i Gulen  4.556.055,00
Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur