Bilete frå den no avslutta skredsikringa på rv. 13 Lovraeidet i Suldal i Ryfylke. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 20.02.2023 

Her skredsikra Statens vegvesen dobbelt så mykje som planlagt

Statens vegvesen har skredsikra rv. 13 Lovraeidet, eit prosjekt som vart dobla for å gi trafikantane ein enno tryggare og sikrare veg.

Måndag kveld denne veka var vi ferdige i Suldal i Ryfylke, snaue to veker etter 31. januar som var målet.

– Vi beklagar den lille forseinkinga, og takkar trafikantane for stort tolmod. Men så skal det også seiast at årsaka til at vi brukte litt lenger tid enn planlagt, var at det tok tid å levert eit fangnett som gjorde prosjektet dobbelt så stort som opprinneleg tenkt, seier prosjektleiar Livar Thomassen i Statens vegvesen.

Dette er prosjektet

I utgangspunktet skulle vi montera 70 meter fanggjerde i det skredutsette området Lovraeidet i krysset melllom rv. 13 og fv. 46.

Når entreprenør, Askvoll-firmaet Norsk Bergsikring AS, starta jobben med spettreinsk og spyling, fekk vi avdekt behov for ytterlegare 65 meter fanggjerde.

– Statens vegvesen er veldig glade for å ha fullført dette til dette beste for trafikantane, for å sikra en trygg og føreseieleg framkomeleg veg i Ryfylke, på ei vegstrekning som er eit knutepunkt mellom ytre og indre del av regionen, og mot Nord-Rogaland.

Døgntrafikken i området ligg gjennomsnittleg på rundt 1.000 køyretøy. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette utgjer tungtrafikk rundt 180 køyretøy.

Takkar for godt samarbeid

Arbeidet starta 31. oktober, og det har vore nødvendig å stenga vegen delar av dagen i samband med arbeidet.

Statens vegvesen forstår at dette har vore krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minna om at vi har gjort dette nettopp for dei.

Samarbeidet med trafikantane har vore godt gjennom anleggsperioden, og vi ønsker å takka dei for dette. Det har vore avgjerande, og vi har forsøkt å gjera vårt gjennom å skilta og opplysa om omkøyringsvegar.

– Vi har fått mange spørsmål i samband med vegarbeidet, og det er fullt forståeleg, understrekar Thomassen.

Større steinsprang

Bakgrunnen for jobben var at det gjekk eit større steinsprang i området i oktober 2021. Vi sikra då terrenget nærmast vegen. Det vi gjorde i denne omgang, var å sikra terrenget lenger bak og laga ei forlenging av fanggjerdet som vart sett opp i 2021.

Statens vegvesen tek på største alvor sitt samfunnsoppdrag med å sørga for opne og trygge vegar. Så er det også slik at samspelet med naturen kan vera utfordrande, men vi følger nøye med gjennom inspeksjonar og overvåkingar, og eit godt samarbeid med entreprenør og geologar gjer at vi kan gjera dei nødvendige grepa når det trengst.

– Vi er glade for å ha fått skredsikra Rødsliane, eit prosjekt undervegs vart dobla i omfang, og ferdigstilt som endå tryggare og sikrare veg nesten utan forseinkingar, avsluttar prosjektleiar Livar Thomassen i Statens vegvesen.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur