– Denne dagen tek vi i bruk heile det nye kontorbygget vårt på Straume. Dei som kjem vil få informasjon om varierte tema, sjå digitale modellar og få seg en kopp kaffi og noko å eta, fortel Lene Sælen Rivenes, prosjektleiar for Sotrasambandet i Vegvesenet.
På open dag får du møte fagfolka bak det nye Sotrasambandet, både frå Statens Vegvesen og OPS-selskapet Sotra Link.
Prosjektpresentasjon kvar time
Kvar time vil prosjektleiinga frå dei to organisasjonane halde ein generell presentasjon om prosjektet for dei som er interessert. Første presentasjon startar klokka 13.00.
– Vi set opp ulike informasjonsstands på bygget der tema blant anna er: støy, grunnerverv, miljø, ny Sotrabru og sjølvsagt trafikkavvikling.
Når: Onsdag 22. februar
Tid: 12.00 – 19.00
Sted: Skjenet 2, Straume