I dette prosjektet er det bygd 19 kilometer firefelts veg mellom Kristiansand og Mandal. I desember i fjor opna Nye Veier ei av delstrekningane seks månader før skjema, men no er heile vegen opna.
– Det er fleire grunnar til å være nøgd i dag. Dette har vore ei strekning med mange møteulykker, som no har vorte tryggare. Vegen har også vore prega av mykje kø på morgonar og ettermiddagar. No vil trafikken flyte betre mellom dei to sørlandsbyane, til glede for folk og næringsliv, seier samferdselsministeren.
Meir for pengane
– Eit viktig mål i Nasjonal transportplan er å få meir for pengane. Derfor er det gode nyheiter når Nye Veier fortel om ein kostnadsreduksjon på rundt 20 prosent. Samtidig vil den nye vegen vere meir energieffektiv. Ny E39 mellom Kristiansand og Mandal er med andre ord eit godt bidrag til å nå NTP-måla, seier Nygård.