Planforslaget er utarbeidd med utgangspunkt i planprogram fastsett i Lindås kommune 19.09.2017 og i Meland kommune 27.09.2017.
Alver kommune har vært representert i prosjektgruppen for arbeidet.
E39 mellom Flatøy og Eikefettunnelen inngår i satsinga på utbetra og ferjefri E39, og er ein del av nasjonal transportkorridor 4 Stavanger–Bergen–Ålesund–Trondheim.
Informasjon og medverknad
Alver kommune ved utval for areal, plan og miljø skal fatte vedtak om å legge planforslaget ut på høyring og offentleg ettersyn. Tidspunktet for politisk handsaming er per no ikkje fastsett.
I høyringsperioden vil Statens vegvesen i samarbeid med Alver kommune arrangere opne folkemøte. Møta vil bli annonsert i lokale media, Alver kommune og vegvesenet sine nettstad samt Facebook.
Alternativ som vert tilrådd
Statens vegvesen tilrår kombinasjonen F3-V3-M2-A2 for vidare regulering.
- Statens vegvesen tilrår alternativ V3 på delstrekning Vest . V3, V4 og V100 ligg nærme kvarandre når det gjeld prissette og ikkje-prissette konsekvensar. V4 og V100 har derimot fråvik frå vegnormalane som ikkje er godkjende.
- På strekning Midt tilrår Statens vegvesen M2, då dette alternativet samla sett kjem best ut i den samfunnsøkonomiske analysen.
- På delstrekning Aust kjem A2 best ut i konsekvensanalysen samla sett. Alternativet lar seg også etablere i to etappar, i motsetning til A3 som må byggjast i ein samanhengande etappe. I tillegg er kryss ved Ostereidet gunstig med tanke på ambisjonar for utvikling i dette området.
- Kombinasjonen F3-V3-M2-A2 vert tilrådd for vidare planlegging.
Kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 Flatøy-Eikefettunnelen er sendt i samsvar med Plan- og bygningslova § 4-2.