Statens vegvesen fortset no skredsikringa ved riksveg 13 Lovraeidet. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 27.10.2022 

Statens vegvesen fortset med å skredsikra riksveg 13 Rødsliane

Statens vegvesen held no fram med å skredsikra riksveg 13 Rødsliane, ved Lovraeidet.

– Det gjekk et større steinsprang i området i oktober fjor, og vi sikra då terrenget nærmast vegen. No fortset vi, og sikrar terrenget lenger bak , seier prosjektleiar Livar Thomassen i Statens vegvesen.

Jobben startar førstkomande måndag, 31. oktober, og skal vera ferdig innan 31. januar 2023.

Slik blir vegen stengt

I desse tre månadane vil vegen kunna stengast i inntil fire timar samanhengande på dagtid i perioden klokka 08.30 - 14.00 og 16.30 - 22.00. Men primært er målet sjølvsagt at vegen skal haldast open så godt det lar seg gjera.

Statens vegvesen forstår at vegarbeid med så mykje stenging som dette kan vera krevjande for trafikantane.

– Men då er det viktig å minna om at vi gjer det nettopp for dei, for at vegen skal kunna vera trygg også i framtida. Samtidig er det viktig å understreka at tryggleiken er viktig ikkje berre for trafikantane, men også for dei som er arbeider langs vegen. Også dei har nokon dei skal heim til, og vi har ingen fleire å mista. Vi må derfor på det sterkaste oppfordra bilistane til å respektera og akseptera stengingane, og ikkje verta freista til å prøva på snarvegar gjennom anleggsområdet, appellerer Thomassen alvorleg.

Elles oppfordrar vi som alltid trafikantane til å sjekka 175.no før dei skal ut og køyra. Her gir Vegtrafikksentralen (VTS) til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på norske vegar.

Her er det omkøyring

Det er to alternative omkøyringar når vegen ved riksveg 3 Lovraeidet er stengd:

Anten fylkesveg 4702 Gullingen, eller fylkesveg 4706/4708/4710/517 Jelsa.

Dette skal vi gjera

Vi skal setta opp eit 70 meter langt og minst seks meter høgt fanggjerde.

Før vi gjer dette, skal vi reinska fjellsida i samråd med geolog. Her kan det bli aktuelt å ta ned størrre steinblokker. På glatte svaberg overfor området der vi skal montera fanggjerde, sender vi opp helikopter for å spyla reint.

Askvoll-firmaet Norsk Bergsikring AS er hovudentreprenør på arbeidet.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur