Bømlabrua. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 05.09.2022 

Dette arbeidet skal gjerast på Stordabrua og Bømlabrua

Statens vegvesen skal gjera naudsynt vedlikehaldsarbeid E39 Stordabrua, og Vestland fylkeskommune på fylkesveg 542 Bømlabrua like ved.

Hengebruer i kystnære strøk er særleg utsette for skadar grunna fukt og sjøvatn. Bruene skal difor ha eit avfuktingsanlegg for berekablar.

Kva skal gjerast - og når?

Dette har mangla på begge bruene, og må koma på plass for at det ikkje over tid skal kunna oppstå skadar som kan gå ut over bruenes bereevne.

Heilt konkret skal Statens vegvesen avfukta berekablane, samt gjera noko overflatebehandling av berekablar og hengestenger på Stordabrua. Vestland fylkeskommune gjer det same på Bømlabrua.

Statens vegvesen gjer  naudsynte førebuingar i løpet av hausten, startar på arbeidet våren 2023 og er ferdige hausten same år. Vestland fylkeskommune startar på Bømlabrua våren 2024, og er ferdige i september same år.

To har levert tilbod

To firma har levert tilbod på arbeidet:

Tilbydar Tilbodssum ekskl. mva:
Ommen AS 227.803.348,00
Consvolvo AS 239.757.301,00

– Fellesprosjekt er meir effektivt

– Vi har lyst ut arbeidet som eit fellesprosjekt fordi vi då kan løysa arbeidsoppgåvene meir effektivt. Bruene ligg nære kvarandre, noko som gjer det mogleg å bruka same spesialutstyr på begge bruene, seier prosjektleiarane Trond Ingve Mølstre (Statens vegvesen) og Kristoffer Hove (Vestland fylkeskommune).

Statens vegvesen har ansvar for og tek kostnaden for Stordabrua, og Vestland fylkeskommune for Bømlabrua.

Begge bruene er bygde i år 2000. Stordabrua 1078,5 meter lang, og Bømlabrua 999. Det gjer at det fell ein større andel på Statens vegvesen av totalkostnadane.

No skal vi gå gjennom tilboda for å kontrollera kvalifikasjonskrav og kontrollrekna, før vi tek sikte på å signera kontrakten så snart som mogleg, legg Mølstre og Hove til.

Brua kan bli stengd kort tid om nettene

– Arbeidet vil ikkje få store konsekvensar for trafikken, men det kan vera naudsynt at brua blir stengd i eit kort tidsrom mellom klokka 22.00 og 05.30 når arbeidsplattforma og utstyr skal flyttast. Dette vil bli ytterlegare varsla når det er aktuelt, presiserer dei to prosjektleiarane.

I områdar der arbeidsplattforma kjem i konflikt med trafikkavviklinga blir eitt køyrefelt snevra inn. Trafikken blir avvikla med både med lysregulering og manuell dirigering.

Kvifor er bruvedlikehald viktig?

Bruer og brukonstruksjonar blir tærte av tidas tann. Ver og vind, salt sjøsprøyt og temperaturforandringar kan gi rust- og forskjellige type slitasjeskadar både på fundament, rekkverk, bruplate, brutårn og stag.

– Vedlikehald av bruer handlar om å ta vare på det vi har, til beste for både trafikantane og miljøet. Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å syta for at vi klarer det i morgon, slik at vi kan utføra vårt samfunnsoppdrag med å gje trafikantane eit trygt og føreseieleg framkomeleg transportsystem også i framtida, avsluttar prosjektleiarane Trond Ingve Mølstre i Statens vegvesen og Kristoffer Hove i Vestland fylkeskommune.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur