Statens vegvesen har fått i oppdrag av Samferdselsdepartementet å utarbeide ei konseptvalutgreiing (KVU) for E39 Kryssing av Bømlafjorden. Denne skal etter planen vere ferdig tidleg i 2024. I den forbindelse arrangerer Statens vegvesen KVU-verkstad komande veke.
– Vi ynskjer å avdekke behova interessentane i området har, og få deltakaranes forslag til kryssinga av Bømlafjorden mellom Sveio og Stord. I etterkant av verkstaden vurderer vi kva slags løysingar som er praktisk og teknisk moglege, samtidig som vi og bereknar kostnadar og påverknaden dei ulike forslaga har på klima, miljø og omgjevnadane elles. I tillegg er samfunnsnytten av prosjektet eit viktig moment for kva konkret alternativ som til slutt vert tilrådd, seier prosjektleiar Ole-Mathias Nes i Statens vegvesen.
Nes understrekar at det er viktig å få fram både synspunkt og kunnskap næringslivet, politikarar, interesseorganisasjonar, bransjeforeiningar, offentlege myndigheiter og transportetatane med fleire sit inne med.
– Dei som nyttar vegen og området har ofte viktig kunnskap og erfaringar som vi treng i det vidare utgreiingsarbeidet.
Stad: Stord Hotell
Dag: Torsdag 25. august
Tid: kl. 10:00-16:00, registrering frå kl. 09:30
Påmelding til [email protected], e-post merka med KVU E39 Kryssing av Bømlafjorden.
Påmeldingsfrist: 18. august