01. juni deltok Statens vegvesen i møte med Plan-, bygg- og miljøutvalet i Bjørnafjorden kommune. Prosjektet la fram nye skisser for det viktige krysset i Kolskogen.
– Løysinga vi viste i dag, er den mest funksjonelle og kostnadseffektive kryssløysinga. Krysset er viktig, fordi det skal handtere mykje trafikk på ein sikker måte, samstundes som det skal gjere E39 tilgjengeleg for brukarane av vegsystemet i området, understrekar Tjønn Rinde.
Det nye krysset vil skåne Os sentrum for trafikk
Krysset på Kolskogen er det viktigaste krysset på heile den 57 km lange strekninga som utgjer E39 Stord-Os. All trafikk til og frå E39 skal sendast gjennom dette krysset.
– Når ny E39 Stord-Os blir bygd, vil om lag 60 prosent av trafikken frå E39 køyre av til Os og området rundt. Den øvrige trafikken vil fortsette sørover på E39 og inn i den nye tunnelen ved Ulvenvatnet, fortel Tjønn Rinde.
For å vidareføre firefelts motorvegen og oppretthalde trafikktryggleiken, må dagens kryssløysing for Svegatjørn-Rådal byggast om til foreslått ny løysing.
Gode løysingar for mjuke trafikantar
Det nye krysset tek omsyn til mjuke trafikantar med gang- og sykkelvegar for enkelt å kunne krysse E39 to stader. Det er lagt til rette for god tilkomst mellom idrettsanlegga og Os vidaregåande skule. Det blir også tilgang til busshaldeplassane og friluftsområdet i og ved Ulvenvatnet.
Det nye krysset gjer grunnlag for vidare næringsutvikling i området
Fordelen med det nye krysset er at store deler av næringsarealet på Kolskogen ikkje lenger blir berørt av det nye veganlegget. Dette vil gje grunnlag for vidare utvikling av næringsområdet om Bjørnafjorden kommunen ønskjer dette.
– Det er sentralt for Vegvesenet å komme fram til ei løysing som er funksjonell, trafikksikker og kostnadseffektiv. Det har i tidlegare møte med den politiske leiinga i kommunen blitt ytra ønskje om å unngå oppdeling av næringsarealet. Dette har vi jobba med, og vi meiner dette er godt ivaretatt i den nye løysinga som blei presentert i dag, seier Tjønn Rinde.
Grunnerverv og støy
Planlegginga av ny veg skapar ein del usikkerheit, særleg rundt tema som grunnerverv og støy. Statens vegvesen har starta dialog med grunneigarane og næringsdrivande i og rundt krysset på Kolskogen, om behovet prosjektet vil ha for innløysing av eigedommar, og om støytiltak.
–Det har vore kjent sidan arbeidet med kommunedelplanen at ulike eigedommar og dei to barnehagane som ligg tett inntil dagens E39 dessverre må innløysast. Vi har hatt god dialog med kommunen, grunneigarar og eigarane av barnehagane i området. Statens vegvesen har lang tradisjon i å finna gode løysingar for berørte partar i slike saker, noko me tek mål av oss også her, seier Tjønn Rinde.
Eit anna viktig tema er støy og støytiltak for dei som kjem tett innpå det nye vegsystemet. Her vil det bli utarbeidd støysonekart, som bestemmer dei ulike tiltaka som må innarbeidast i forslaget til reguleringsplan som blir framlagt hausten 2022, seier Rinde.
Folkemøte og høyring av reguleringsplan hausten 2022
Vegvesenet vil arbeide vidare med kryssløysinga i Kolskogen fram til den statlege reguleringsplanen skal leggjast på høyring hausten 2022. Då blir det invitert til folkemøte og dialog i samband med offentleg ettersyn og høyring av planen.