Det skal monterast nytt stålrekkverk på E39 mellom Søfteland (biletet) og Sandven ved Kalandsvatnet. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 08.04.2022 

Set opp 30 kilometer nytt rekkverk

Statens vegvesen lyser ut kontraktar for nye rekkverk på riksvegar i Vestland.

Det er snakk om to kontraktar.

3. mai er det frist for å levera tilbod på ein kontrakt på stålrekkverk i gamle Hordaland.

– Det er 15 kilometer nytt rekkverk som skal opp. 30 prosent skal gjerast i år, 70 prosent neste år. Mesteparten i år blir på E39, i grenseområdet mellom Bergen og Bjørnafjorden kommunar, mellom Sandven (ved Kalandsvatnet) og Søfteland, seier byggeleiar Jan Bremer Remø i Statens vegvesen.

Det er mest snakk om erstatning av gammalt rekkverk. Nokre plasser blir det sett opp rekkverk der det ikkje har vore tidlegare.

9. mai er det frist for å levera på en tilsvarande kontrakt i gamle Sogn og Fjordane. Også her er det snakk om 15 kilometer, der 30 prosent skal gjerast i år og 70 neste år. I år blir truleg område i Nordfjord prioritert.

Difor gjer Statens vegvesen dette

Det er fleire årsaker til at Statens vegvesen set opp nytt rekkverk.

– Eksisterande rekkverk kan vera gammalt og slite. Det kan vera ulike grunnar til at det ikkje tilfredsstiller dagens krav. Og det kan vera plassar det ikkje står rekkverk i dag, som det bør vera rekkverk på, seier Remø.

Slik påverkar arbeida trafikken

Arbeida for Sogn og Fjordane-kontrakten vil stort sett føregå på dagtid.

Trafikkavviklinga i samband med stålrekkverk-arbeida vil stort skje i form av trafikklys, og det vil ikkje verta lang ventetid.

For Hordalands-kontrakten vil det i stor grad verta nattarbeid. Dette fordi vegstrekninga som skal asfalterast, har høg trafikk, rundt 13.000 køyretøy i døgnet. Det er dette som kallast årsdøgntrafikk (ÅDT). Nærare 1700 av desse (13 prosent) er lange køyretøy.

Ta vare på det vi har

For å få oversikta over vegarbeid før ein skal ut og køyra, vert bilistar oppmoda til å sjekka trafikkmeldingane på 175.no. Her finst det til ei kvar tid oppdatert oversikt over nosituasjonen på norske vegar.

– Me har forståing for at vegarbeid kan vera krevjande for bilistane, men då er det viktig å minna om at me gjer det for dei; for å vareta trafikktryggleiken også i framtida. Vegdrift handlar ikkje berre om å byggja nytt, men også om å ta vare på det vi har, og gode rekkverk er ein del av dette, legg Remø til.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur