For trafikantane vil det dermed bli «tilbake til normalen» med 50-sone, innsnevring av vegbanen og fartshumpar på delar av brua.
– Statens vegvesen har forståing at slikt vegarbeid kan vera krevjande for trafikantane, og spesielt dette prosjektet på grunn av tida det har teke. Vi tek derfor sikte på å vera så effektive vi kan i innspurten, slik at ulempene vert så få og små som mogleg for trafikantane, seier byggeleiar Gunnar Juuhl i Statens vegvesen.
Entreprenør er ferdig med overflatebehandling på undersida av brua, slik at det berre er delar av øvre kant igjen.
– Dette betyr at arbeidet som starta i august 2015 nærmar seg slutten. Entreprenør har forsikra oss om at dei er ferdige til 1. august i år, legg Juuhl til.
Noko av det som gjenstår er overflatebehandling av kanten mellom fortau og køyrebane. Dette fører til at det vil bli innsnevringar på både veg og fortau.
– Vi vil i den samanheng spesielt oppmoda syklistar til å seinka farten gjennom anleggsområdet, avsluttar han.