Gjendeosen 3. Illustrasjon: Knut Hjeltnes, Sivilarkitekter MNAL
Publisert: 29.03.2022 

Turistveganlegget Gjende fullført i 2023

Statens vegvesen går nå i gang med siste byggetrinn på Gjendeosen, langs Nasjonal turistveg Valdresflye. Gjende er ein av ti store turistattraksjonar som får eit solid løft gjennom Statens vegvesen sitt arbeid med Nasjonale turistvegar. Målet med satsinga er å styrke norsk reiseliv sin konkurransekraft lokalt, regionalt og nasjonalt.

Fullføringa av turistveganlegget ved Gjende består av eit nytt servicebygg med kiosk/café med kjøkken, nødvendige lagerrom, personalrom, tekniske rom og toalettanlegg. Omkringliggjande uteareal skal opparbeidast enkelt og estetisk. Kostnadsramma for byggefase 2 er på 45 - 50 mill.kr, finansiert med turistvegmidlar.

Det nye bygget blir på ca. 350 kvadratmeter og består av trekonstruksjoner med tre og glas i fasadane og tak med trepanel, i same stil som bygga på Gjende og Reinsvangen som blei tekne i bruk i 2019.

Dagens kioskbygg skal rivast når det nye bygget er på plass, men skal drivast som tidlegare i 2022. Anleggsområdet vil bli gjerda inne og jobben gjennomført med vekt på å avgrensa ulempene for publikum og næringsaktørane.

Med det nye terminalbygget blir Gjende betydelig oppgradert og ein komplett fjellterminal for dei mange titusen besøkande frå inn- og utland. I den første byggefasen blei det etablert ei ny solid brygge for Gjendebåten med eit funksjonelt lagerbygg og med ei utforming som støttar opp om stemninga på staden. Utfartsparkeringa på Gjendeosen blei flytta til ein utvida parkeringsplass på Reinsvangen, som blei utstyrt med eit servicebygg med toalett og sykkelparkering.

Utbygginga ved Gjende saman med fullføring av prosjekta ved Vøringsfossen langs Nasjonal turistveg Hardangervidda og Torghatten på Helgelandskysten er dei største tiltaka som inngår i satsinga på Nasjonale turistvegar dei kommande åra.

Fakta:

Byggherre: Statens vegvesen

Arkitekt: Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL

Entreprenør: Brun Bygg AS

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur