Utbygginga langs fv. 65 skal gi ein tryggare veg for gåande og syklande. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisert: 17.02.2022 

Stor interesse for gang- og sykkelveg i Surnadal

Seks entreprenørar har levert tilbod på bygging av 1,6 km gang- og sykkelveg/fortau langs fv. 65 mellom Vindøla og Røv i Surnadal kommune. Dei lågaste tilboda er under kostnadsoverslaget som vart gjort før utlysing.

- Vi er godt nøgde med konkurransen på oppdraget. No jobbar vi med å gå igjennom dokumentasjonen og kontrollrekne tilboda, så vil vi tildele kontrakten, seier prosjektleiar Solgunn Langlo i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Desse leverte tilbod:

Entreprenør Pris eks. mva
Bertelsen & Garpestad AS 48 641 552,64 kr
Mesta AS 51 432 491,40 kr
Solberg maskin AS 39 887 000 kr
Oddmund Groven AS 49 121 450,92 kr
Rune Holt AS 41 898 833,34 kr
Winsnes maskin og transport AS 41 474 717 kr

Når kontrakten er tildelt, har dei andre entreprenørane ti dagars karensperiode før kontrakten kan signerast.

Fakta om prosjektet:
  • 900 meter gang- og sykkelveg
  • 500 meter fortau
  • Ny gang- og sykkelvegbru på 71 meter over elva Vindøla
  • Betre sikt for trafikantane ved Røvbrua
  • Terrengstabilisering
  • Fire busslommer
  • Veglys på heile strekningen
  • Planlagt byggestart våren 2022 og opning sommaren 2023

Det er viktig å skilje mellom dei innkomne tilboda og den totale kostnadsramma. Den totale kostnadsramma på 85 mill. kr inneheld alle kostnadar i prosjektet, som til dømes planlegging, prosjektering, grunnerverv, byggherrekostnadar og avsetting til usikkerheit.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur