Fjærlandstunnelen er ein av tre tunnelar i nordre Vestland som no får nye eller betre snunisjar. Foto: Geir Ove Engebø/Statens vegvesen
Publisert: 15.10.2021 

Det skal bli lettare å snu i tre tunnelar i Sogn og Fjordane

Naustdalstunnelen, Fjærlandstunnelen og Storehaugtunnelen skal få nye eller betre snunisjar.

Dei to fyrstnemnde tunnelane ligg på riksveg 5, den siste på riksveg 13 Vikafjellet.

Alt i gong i Naustdalstunnelen

I Naustdalstunnelen er me alt i gong, og startar jobben denne veka.

I den 5970 meter lange tunnelen mellom Førde og Florø skal det sprengjast to nye snunisjar.

Den eine skal liggja om lag 500 meter frå Naustdal-sida, den andre om lag 600 meter inn frå Florø-sida.

Dette skal gjerast i Fjærlandstunnelen

Fjærlandstunnelen er 6397 meter og ligg på grensa mellom kommunane Sogndal og Sunnfjord.

Ein eksisterande nisje i sørenden av tunnelen (mot Bøyadalen) skal forlengjast med 30 meter for å gje plass til nytt teknisk bygg.

Dette skal gjerast i Storehaugtunnelen

Den 1044 meter lange Storehaugtunnelen ligg på riksveg 13 Vikafjellet rett sør for Sognefjorden.

Her skal det sprengjast ein ny nisje rett innanfor kuldeporten, også her for å setja opp nytt teknisk bygg.

– Vi bygger snunisjane fire meter breie med lik sikt i begge retningar. Dermed får vi ei totallengde på nisjane på 110 meter. Nisjane er 40 meter lange og havarilomma er 30 meter, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.

Kvifor snunisjar?

Kravet er alle tunnelar over fire kilometer skal ha snunisjar.

Ofte er desse plasserte langt inne i tunnelane, noko som gjer dei mindre attraktive å snu i for brøytebilane. Difor vert nisjane i dette prosjektet bygd nærare utgangane.

Delvis lange stengingar

Sprengningsarbeidet i samband med å opparbeida nisjane vil finna stad om natta, når trafikken er lågast.

– Entreprenør treng 2x3 timar lange stengningar får å kunna sprengja og sikra vegen før opning om morgonen. Når vi er ferdige med fyrste nisja så vil det bli litt arbeid på dagtid med kompletteringsarbeid, vass/frostsikring asfalt og så vidare.

Statens vegvesen håpar å vera ferdige med arbeidet til jul.

– Så vi må be om litt tolmod frå bilistane si side. Ved sprengning og sprøytebetongarbeid må vi ha lange stengningar, avsluttar Hovland.

Desse leverte tilbod på oppdraget

Sunnmørs-firmaet Aurstad Tunnel AS har fått oppdraget, etter å ha levert det lågaste av fire tilbod:

Tilbydar: Tilbodssum:
Aurstad Tunnel AS  35.526.227
Hæhre Entreprenør AS 35.992.055
BMO Tunnelsikring AS 43.587.800
Magne Hafstad AS 52.113.963
Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur