I rapporten er Statens vegvesen tydelege på at dei jobbar kontinuerleg med forbetring av rutinar og system som skal vareta tryggleiken i tunnelar. Denne gjennomgangen av rutinane har likevel vist at det er nokon manglar. Vegvesenet har også vurdert tiltak dei kan jobbe vidare med for å hindre farlege hendingar i tunnelar i tida framover.
Samferdselsdepartementet vil no oversende rapporten til Vegtilsynet. Dei vil sjå nærare på rapporten og kome med eventuelle merknadar.
– Vi tek tryggleik på alvor. Derfor sender vi rapporten til Vegtilsynet. De har ansvaret for å føre tilsyn med norske vegar, og kan dette. Deira svar og merknadar blir viktige for oss i den videre oppfølginga overfor Statens vegvesen, seier samferdselsministeren.
Etter steinrasa i E39 Trodalstunnelen og rv. 5 Fjærlandstunnelen i sommar, bad Samferdselsdepartementet Statens vegvesen om ei utgreiing og vurdering for å avdekke og forebygge steinras i tunnelar. Det er denne rapporten dei no har levert.
For meir informasjon, sjå:
- Rapporten frå Statens vegvesen.