Foto: Erik Burås/Studio B13 for Samferdsel & Infrastruktur
Publisert: 06.09.2021 

Valet av trasé for Hordfast ligg fast

– E39 mellom Stord og Os, Hordfast, blir det største vegprosjektet i Noreg si historie. Det er svært viktig at det vidare arbeidet med prosjektet er føreseieleg. Difor understrekar regjeringa overfor Stortinget at valet av trasé ligg fast. Dei stadige diskusjonane om traséval er hemmande for framdrifta i prosjektet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Regjeringa legg i dag fram ein proposisjon for Stortinget, der Stortinget blir invitert til å stadfeste at vald konsept og vedteken kommunedelplan, at traseen for E39 Stord-Os (Hordfast) må ligge fast. Regjeringa gjorde val av konsept i 2013 og kommunedelplanen vart vedteken av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2019.

– Den gongen lytta vi til dei lokale og regionale interessene. Dei bør vi framleis lytte til. Statens vegvesen jobbar no vidare med planarbeidet, og planlegg å legge framlegg til reguleringsplan ut på høyring første halvår i 2022. Eg legg denne saka fram for Stortinget, for å sikre retning og framdrift for prosjektet, og unngå forseinkingar, seier samferdselsministeren.

I Nasjonal transportplan for perioden 2022–2033 ligg prosjektet i tråd med vedteke konsept og vedteken kommunedelplan inne med eit finansieringsbehov på 37,7 milliardar kroner. 23,7 milliardar kroner er statlege midlar og resten er bompengar. Prosjektet ligg inne med oppstart i første seksårsperiode av perioden.

Statens vegvesen vil legge stor vekt på tett samarbeid med leverandørar og entreprenørar og har invitert til dialog med bransjen i september.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur