Nye tunnelar blir bygde med strenge krav til tryggleik for trafikantar, og det blir brukt store ressursar til å rusta opp eksisterande tunnelar. Sidan 2015 har Statens vegvesen hatt eit program for oppgradering av 140 riksvegtunnelar over heile landet. Dette er eit pågåande arbeid som i hovudsak omfattar branntryggleik, redning og elektrisk utstyr i tunnelane.
I perioden 2015-2021 har det blitt prioritert over 15 milliardar kroner til vedlikehald og fornying av riksvegtunnelar. Det har gjort at vedlikehaldsetterslepet på riksvegnettet har blitt redusert for fyrste gang på fleire tiår.
Prioriterer tunneltryggleik i ny NTP
I Nasjonal transportplan 2022–2033 (NTP) er det lagt opp til å nytte 11,4 milliardar kroner til fornyingstiltak i fyrste seksårsperiode, som i hovudsak skal bli nytta til å innfri tunneltryggleiks- og elektroføresegnene på riksvegnettet. I NTP er òg vegprosjekt som erstattar tunnelar som ikkje tilfredsstiller dagens krav til tryggleik høgt prioritert. Det gjeld mellom anna E6 Megården–Mørsvikbotn i Nordland og E16 Arna–Stanghelle i Vestland.
Vidare framdrift
Statens vegvesen har frist til 1. september med å gi tilbakemelding. Deretter skal Samferdselsdepartementet gå gjennom innspelet frå etaten.