Statens vegvesen har no motteke tilbod på konsulenttenester for å utarbeide kommunedelplan med konsekvensutredning for ny E39 Bokn–Hope. Strekninga er ein del av ny ferjefri motorveg mellom Stavanger og Bergen.
– Målet er å inngå kontrakt i månadsskiftet september/oktober, og evalueringa av tilboda vil skje i sommar, seier Sverre Ottesen, prosjektleiar for E39 Bokn -Bergen.
Tilbydarane er:
- Arbeidsfellesskapet Multiconsult Norge AS og Asplan Viak AS.
Tilbodssum: NOK 29 575000,00 - Norconsult AS
Tilbodssum NOK 27 880 000,00 - Rambøll Norge AS
Tilbodssum NOK 29 515 000,00
Konsulentoppdraget vart lyst ut i mars i år med tilbodsfrist 23. juni. Kontrakten som er lyst ut inneheld óg to opsjonar som kan løysast ut i kontraktsperioden.
Kommunedelplan klar i 2023
Kommunedelplan for E39 Bokn–Hope inneberer 57 km firefelts motorveg dimensjonert for 110 km/t inkludert fire mindre fjordkryssingar. Vegprosjektet ligg i kommunane Bokn, Tysvær og Sveio. Forslag til kommunedelplan med konsekvensutredning skal etter planen vere klar i juni 2023.