Dei viktigaste prosjekta er bygging av ny innfartsveg øst-vest (E136 Breivika–Lerstad, og vidare til Campus), etablering av ny gateterminal med kollektivtrasear i tilkomstgatene for kollektivtransporten i Ålesund sentrum, samt sykkelfelt over den nye Brosundbrua og gangpassasje under denne og under Hellebrua langs Brosundet. I tillegg kjem utvikling av kollektivknutepunkt ved Campus og Ålesund sjukehus, samt tiltak for å auke framkomst for buss med gode trasear, går det fram av forslaget.
Samla økonomisk ramme for pakka er på om lag 4 milliardar kroner. E136 Breivika–Lerstad har ei ramme på 2 milliardar kroner. I tillegg kjem prosjektet E136 Lerstadtoppen–Campus som er ei forlenging av Breivika–Lerstad, med ei ramme på 460 millionar kroner. I tråd med lokale vedtak er det lagt opp til innkrevjing av bompengar i inntil 15 år.
– Ålesund er i vekst. Mange vil busette seg her, og det er stor aktivitet i næringslivet. Grensa for kapasitet på vegnettet er snart nådd i delar av byen, og tilbodet til gåande og syklande er ikkje godt nok. Det er også relativt lite bruk av kollektivtilbodet. Med denne bypakken vil Ålesund stå betre rusta til å vekse på ein god måte, seier samferdselsministeren.
E136 Breivika-Lerstad
Det sentrale prosjektet i bypakka er E136 Breivika–Lerstad. Prosjektet ligger i første seksårsperiode i Nasjonal transportplan 2022–2033. E136 er innfartsvegen til Ålesund. Prosjektet skal bidra til å fremje miljøvennleg transport ved å frigjere vegkapasitet til buss, og ved å leggje til rette for fotgjengarar og syklistar. Prosjektet skal gi betre framkomst, redusert reisetid og betre trafikktryggleik, går det fram av forslaget. Betre kapasitet og framkomst på denne vegen vil òg vere viktig for næringstransporten i Ålesund. Prosjektet omfattar bygging av ein ny 4-felts veg i tunnel frå Breivika til Lerstad, ei strekning på om lag 3 km. I vest skal det byggjast eit nytt toplanskryss. Det blir lagt opp til anleggsstart for prosjektet i 2022.