Første sprenging i Råtunnelen

Av: Pressemelding | Publisert: 21. Mar 2016 | Kategori: Vei

Første sprenging i Råtunnelen

Første salve på Råtunnelen i Bergen. Foto: Geir Brekke / Statens vegvesen

Statens vegvesen og entreprenør Implenia er no i gang med tunneldriving mellom rv. 580 Flyplassvegen og Nordås i Bergen.

Tunnelen er ein del av vegprosjektet E39 Svegatjørn–Rådal, som også gir ny motorveg vest for Lagunen for gjennomgangstrafikken mellom Bergen og flyplassen. Tunnelarbeidet tok til i den 1.950 meter lange Råtunnelen.

To tunnelløp

Råtunnelen og Søråstunnelen kjem ut jamsides på Flyplassvegen, Råtunnelen for trafikk mot Flyplassvegen og Søråstunnelen for trafikk i motsett retning, mot Nordås. Båe tunnelane skal drivast frå Flyplassvegen, for å unngå dei største hindringane for trafikken på Søndre innfartsåre i Bergen.

For å sikre trygg og effektiv massetransport frå tunnelarbeidet er det bygt ei mellombels rundkøyring ved byggeplassen på Flyplassvegen.