Løyve til Moldalsknuten vindkraftverk

Publisert: 24. Jun 2015 | Kategori: Infrastruktur

Løyve til Moldalsknuten vindkraftverk

Foto: iStock

NVE gjev løyve til Moldalsknuten vindkraftverk i Sokndal kommune i Rogaland. Kraftverket vil gje om lag 70 GWh ny kraftproduksjon per år, noko som svarar til straumbruken til 3500 husstandar.

Vindkraftverket er planlagt nær planområdet for Tellenes vindkraftverk, som er gitt løyve av Olje- og energidepartementet. Dette prosjektet er for tida under detaljplanlegging.

I handsaminga av søknaden har NVE vurdert Moldalsknuten vindkraftverk som ein utviding av Tellenesprosjektet. Saman med Tellenes kan Moldalsknuten vindkraftverk gje om lag 600 GWh ny kraftproduksjon som kan vere et viktig bidrag til å oppfylle politiske mål om ny fornybar kraftproduksjon i Norge.

NVE legg vekt på at det er gode vindforhold i planområdet for Moldalsknuten vindkraftverk. Tiltaket kan gjere at dei samla negative verknadene av heile Tellenesprosjektet blir noko større. NVE meiner likevel at dei negative verknadene vil vere små samanlikna med andre vindkraftprosjekt av same størrelse.

NVE legg vekt på at Sokndal kommune og Rogaland fylkeskommune er positive til prosjektet.

NVE har fastsett ei rekkje vilkår til konsesjonen, blant anna krav om tiltak knytt til friluftsliv, dokumentasjon på nettkapasitet, utarbeiding av miljø-, transport- og anleggsplan og tiltak knytt til nedlegging av anlegget.

Norsk Vind Moldalsknuten AS er tiltakshavar for prosjektet.